Kommunen har vassverk på Kysnesstrand, Jondal, Solesnes og Svåsand. Det er private vassverk på Torsnes og i Herand.

Eininga ligg i første høgda på kommunehuset i Jondal sentrum. Til eininga ligg tekniske tenester med m.a. ansvar for saksbehandling og uteavdeling, jordbruk og anna næring, kultur og NAV.

Pineskår miljøstasjon er open torsdagar 12.00 - 18.00
Du kan finna meir informasjon på Indre Hordaland Miljøverk.

Jondal kommune yter feietenester etter gjeldande regelverk. Ved behov for feiing eller informasjon om tenesta, ta kontakt med eining for teknisk, næring og kultur på tlf. 53 66 95 20 eller epost post@jondal.kommune.no.

Ved brann: ring 110. Hugs å oppgje navn, telefonnummer, kvar du er og kva det gjeld.
Brannsjef i Jondal kommune er Georg Kvåle.

Husstandar med kommunal kloakk får tømt septiktankar utan ekstra gebyr. Hustandar med private anlegg vert tømt etter avtale. Tøming skjer på hausten og vert nærare kunngjort på heimesida.
For meir informasjon om tenesta, ta kontakt med eining for teknisk, næring og kultur på tlf. 53 66 95 20 eller epost post@jondal.kommune.no.