Renovasjon og avfallshandtering

Jondal er saman med kommunane Eidfjord, Granvin, Ullensvang, Ulvik og Voss med i Indre Hordaland Miljøverk.

IHM har hovudsete på Bjørkemoen på Voss, og står for alle avfallstenester/renovasjon i kommunen. Lokalt har vi miljøstasjonen Pineskår, som ligg mellom tunnelane like nord for Jondal sentrum. Miljøstasjonen er open kvar torsdag i tida 12.00 - 18.00.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med eining for teknisk, næring og kultur i Jondal kommune på tlf. 53 66 95 20, eller Indre Hordaland Miljøverk på tlf. 56 52 99 00.

nettsida til Indre Hordaland Miljøverk finn du opplysningar om renovasjonsavgift, tømekalendar, opningstider og prisar for miljøstasjonane, hytteavfall og kompostering. Her finn du og skjema for endring av abonnement.