Prosedyrer for utlån av hjelpemiddel

UTLÅN AV HJELPEMIDDEL er organisert på to måtar:

1. Langvarig lån frå Hjelpemiddelsentralen i Hordaland
2. Korttidslån frå kommunen sitt lager på Vikevollen

1.Langvarig lån.
Hjelpemiddelsentralen (HMS) er ei trygdefinansiert utlånsordning ved behov for å låne hjelpemiddel i meir enn 2-3 år. Det må søkast skriftleg på eige skjema om lån. HMS har ein kontaktperson i kvar kommune som kan formidla kontakt mellom brukar og sentralen. I Jondal er dette fysioterapeut Mariann Wesenlund Hauge eller Maren Espedal Miille.

Kontaktpersonen kan:
- levera ut søknadsskjema
- hjelpa til med søknadsprosessen
- formidla kontakt med vaktmeister / HMS ved reparasjon av hjelpemiddel
- levera tilbake hjelpemiddel til HMS

2.Korttidslån (kortare enn 2-3 år)
Kommunen låner ut enkelte hjelpemiddel ved trong for slike i kortare periodar. Lånet er gratis også her, men ved lån av krykkjer må ein betala eit depositum som ein får att ved tilbakelevering. Inn- og utlevering skjer frå kommunen sitt hjelpemiddellager på Vikevollen.

Kontakt

Silje Elise Selsvik
Avd.leiar heimebasert omsorg (HBO)
Telefon: 53 67 53 06