NAV Jondal

Nav - Klikk for stort bilete

Visjonen til NAV er "Me gjev menneske moglegheiter".
NAV Jondal er ditt arbeids- og velferdskontor i kommunen. Her får du hjelp eller stønad ut ifrå behov, mogelegheiter og livssituasjon. Du får råd og rettleiing innan arbeidsmarknadstenester, sosiale tenester, trygd og pensjonar. Du får råd og hjelp med stønad til Husbanken - startlån for kjøp av bustad, grunnlån for å bygge ny bustad, tilskot til prosjektering og bustøtte.

Publisert av Ann Kristin Eide. Ansvarleg Sigrid Karin Dolve. Sist endra 05.09.2016

NAV Jondal har lokale i 1.høgda i kommunehuset, og pr. i dag er det to tilsette.
NAV Jondal har ein publikums-pc. Om brukarane treng hjelp til å komme i gang, vil medarbeidarane på NAV kontoret hjelpe.

Du kan snakka med kundehandsamar om mellom anna:

  • Status i di sak
  • Informasjon om utbetaling
  • Generell informasjon og rettleiing

NAV kontaktsenter Pensjon
Spesialisert veiledning om pensjon - spørsmål om pensjonsytingar med unntak av uførepensjon.

Økonomisk rådgjeving
Spesialisert teneste for personar med betalingsproblem.

Om du sender spørsmål til NAV gjennom epost: send ikkje sensitiv informasjon, t.d. opplysningar om helseforhold eller diagnoser. Henvendingar per epost skal innehalda fullt namn og adresse, men ingen andre personopplysningar, som t.d. fødselsnummer, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 1 og nr. 8.

Frikort og europeisk helsetrygdkort er overført til HELFO.

Pasientreiser er overført til Pasientreiser ANS.

 

Sjølvbeteningsløysingar på NAV

  • Registrere deg som arbeidssøkjar
  • Sende meldekort
  • Sjekke dine utbetalingar frå NAV
  • Finne ledige stillingar
  • Hente skjema
  • Registrere ledige stillingar
  • Sjekke din pensjonsopptening og søkje om alderspensjon elektronisk
  • Rekne ut foreldrepengar eller alderspensjon
  • Få informasjon og råd om dine rettar og mogelegheiter
Link

Kontakt

NAV Jondal
Telefon: 55 55 33 33
NAV Kontaktsenter
Telefon: 55 55 33 33
NAV Kontaktsenter pensjon
Telefon: 55 55 33 34
NAV Økonomisk rådgjeving 800GJELD
Telefon: 80 04 53 53