Etablera næring i Jondal

Jondal kommune ynskjer å vera ein støttespelar for folk som vil starta ny bedrift eller vidareutvikla eksisterande næringsliv. Vi vil vera ein samtalepartnar, rettleia deg vidare i systemet og hjelpa deg med å finna relevante støtteordningar.

Vi har samla nokre relevante linkar som du finn tilknytt denne artikkelen.

Etablerarordningar
Både gründerar og etablerte bedrifter har høve til å søkja om tilskot frå det kommunale næringsfondet.
Søknadsskjema, vedtekter og retningsliner for det kommunale næringsfondet finn du nedanfor, under Filer.
Hardanger har også eit regionalt næringsfond, som du finn meir informasjon om her.

Kva kan vi hjelpa deg med?
- rettleiing til søknadsskriving
- fyrstelineteneste som rettleiar deg vidare i systemet
- gratis etablerarskule og rådgjeving gjennom Hardangerrådet
- oversikt over tilgjengelege tomter og næringslokale
- oversikt over kven ein kan kontakta for å få hjelp til finansiering, produktutvikling, forsking, kurs, nettverksbygging og andre ting du kan ha nytte av.

Ta kontakt allereie når du vurderer å starta for deg sjølv. 

Sist endra 08.08.2016

Kontakt

Sigrid Brattabø Handegard
Landsbylos
Telefon: 53 66 95 24
Telefon: 971 56 165