(Foto: Gro Heidi Molland)

Jondal kulturskule har ei stor breidde i tilbod og elevmasse. Her kan du søkja deg inn på fag som drama, kunst, foto og det er tilbod om instrumental- og vokal undervisning. Kulturskulen held til i "det raude huset" mellom barnehage og skule.

Søknad til kulturskulen   Jondal kulturskule si heimeside.

Jondal kyrkje

Jondal kyrkje er den lokale kyrkja i kommunen vår. Jondal kyrkje har eiga nettside.

Bibliotek

Biblioteket er ope tysdagar og torsdagar kl 14.00-17.30.
 

messelogo.jpg

Handverksmessa i Jondal vert skipa til annakvart år og er ei storstillt mønstring av handverk, kunst og husflid. Det er 13 lag som eig Handverksmessa og som står bak mange timar dugnadsarbeid for å avvikla messa.

Viketunet årestova

Jondal kommune er med som samarbeidskommune i Norsk Kulturarv. Her finn du ei opplisting av kulturminner i kommunen.

IKAH logo.jpg

Interkommunalt Arkiv Hordaland har ordna og systematisert det gamle arkivet for Jondal i perioden 1846 - 1964. I eldre arkiv kan ein finna mykje informasjon om ulike oppgåver kommunen har utført opp gjennom tidene. Måten eit arkiv frå ein kommune er stilt opp etter einingar, kommisjonar eller avdelingar fortel om organiseringa av kommunen, kva tenesteeiningane utførte av oppgåver og kven som utførte tenestene.