Revidert utgåve av barnevaksinasjonsprogrammet

Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, hib-infeksjon og hepatitt B. 

Om hepatitt B-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet

Alle barn som er fødd 1. november 2016 og seinare vil få tilbod om hepatitt B-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet.

Til no har alle spedbarn fått tilbod om kombinasjonsvaksine som vernar mot dei fem sjukdomane difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og haemophilus influenzae type B. Dette er ein såkalla femvalent vaksine som vert gjeve ved 3, 5 og 12 månaders alder. Hepatitt B-komponenten vil inngå i ein kombinasjonsvaksine saman med desse (seksvalent vaksine). Det vil ikkje medføra fleire stikk eller helsestasjonsbesøk for barnet.

Nokre barn vil i overgangsperioden mellom den femvalente og den seksvalente vaksinen få tilbod om kun ein eller to dosar hepatitt B-vaksine. For at desse barna skal få fullgodt vern med tre dosar hepatitt B-vaksine kan dei ta dei resterende dosane på privat basis.

Kva er hepatitt B-infeksjon?

Hepatitt B er ein leverbetennelse som skuldast hepatitt B-virus. Viruset finst i blod og i blodhaldige kroppsvæsker. Det kan ikkje trenga gjennom heil hud. Smitte skjer gjennom slimhinner eller skada hud, for eksempel ved stikk av ei blodig sprøyte, blodoverføring eller seksuell smitte. Dersom mor har sjukdommen kan barnet smittast i samband med graviditet og fødsel.

Hos smitta spedbarn vil over 90 % få ein kronisk infeksjon og bli berar av virus viss dei ikkje får førebyggande behandling. Risikoen for å bli kronisk berar avtar gjennom barndommen og er under 5 % for dei som blir smitta i vaksen alder. På grunn av ein svakhet i immunapparatet har personar med Downs syndrom gjennom heile livet høg risiko for å utvikla kronisk infeksjon med hepatitt B dersom dei blir smitta.

Kronisk hepatitt B infeksjon kan føra til skrumplever (levercirrhose) eller leverkreft. Personar med kroniske hepatitt B infeksjon er også dei viktigste smittekjeldene for hepatitt B. Det er difor viktig å redusera talet på nye personar med kronisk hepatitt B infeksjon så mykje som mogeleg.

Barn som vert fødd av mødre som har kronisk hepatitt B infeksjon skal følgja eit eige vaksinasjonsregime som skal starta innan 24 timar etter fødsel. Dersom mor veit at ho har kronisk hepatitt B infeksjon, er det viktig at ho opplyser jordmor/fastlege/helsesøster om dette.

Om kombinasjonsvaksinen mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B

Vaksinene mot difteri og stivkrampe er basert på giftstoff som bakteriane dannar, men den giftige verknaden er fjerna. Kikhostevaksinen inneheld rensa deler av kikhostebakterien. Poliovaksinen inneheld drepne poliovirus av dei tre typane som kan gje sjukdom. Hib-vaksinen inneheld deler av bakteriane sin sukkerkapsel (polysakkarid) bunde til protein. Hepatitt B-vaksinen inneheld deler av hepatitt B-virus. Ingen av vaksinekomponentane er levande. Etter tre vaksinedosar slik programmet er, har barna varig vern mot Hib-infeksjon og hepatitt B. For dei andre sjukdommane er det behov for oppfrisknings­dosar som vert gjeve i skulealder.

Vanlege biverknader av kombinasjonsvaksinen:

Uro, irritabilitet, gråt, utilpasshet, søvnighet, nedsatt matlyst eller uvelhet i 1–2 døgn dei første dagane etter vaksinasjonen førekjem hos opptil 1 av 10 vaksinerte. I det einskilde tilfellet er det vanskeleg å vita om slike symptom skuldast vaksinen eller noko anna.

Rødhet, hevelse og smerter på stikkstedet er førekjem også hos opptil 1 av 10 etter vaksinasjon, og kan vara i fleire dagar. Store, smertefulle reaksjonar ser ein sjeldan.

Kortvarig feber førekjem meir enn 1 av 10 vaksinerte i løpet av dei første dagane etter vaksinering. Færre enn 1 av 100 får feber over 39,5˚C. I slike tilfelle må lege kontaktast fordi feberen kan ha annan årsak som treng behandling.

Meir informasjon om sjukdommen og vaksine mot hepatitt B:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Eldbjørg Hammer. Sist endra 21.12.2016