Psykisk helsevern

Psykisk helsevern i Jondal er ei avdeling under Helse og OmsorgsEininga, der Helseavdelinga er ei av fire avdelingar. 

Avdelingsleiar for Helseavdelinga er Karin Utheim Gangdal. Ho held til på legekontoret i Jondal. Tlf. 53 67 53 80. Hennar e-post adresse er karin.gangdal@jondal.kommune.no.

Psykisk helsevern nyttar servicebustaden i Brekke som hovudbase, men disponerer også kontor på legesenteret i Jondal. Legekontoret i Jondal ligg i underetasjen på Vikevollen sjukeheim.

Slik kan du få kontakt med psykisk helse:
Du kan ta direkte kontakt med legekontoret. Du kan også kontakte psykiatrisk sjukepleiar i servicebustaden i Brekke, der dei har kontor.
I servicebustaden i Brekke vil du også finne dagsenteret  for psykisk helse. 

Fastlege, skule, helsesyster eller familie kan også formidle kontakt med tenesta.

Når du vender deg til psykisk helse, kan du få eit heimebesøk - eller me finn ut ilag med deg kva hjelp du ynskjer eller treng.
Du vil få hjelp til å fylle ut eit søknadsskjema, slik at du får eit vedtak på den hjelpa du har rett på.
Er du ikkje nøgd med den hjelpa du får, kan du få hjelp til å klage når du har eit skriftleg vedtak.

Lovheimlar:
Helse og Omsorgstenestelova og Forvaltningslova regulerer tenesta (www.lovdata.no)
Tenesta er gratis.

Mål for tenesta
Hovudmålsetjinga for det psykiske helsearbeidet i Jondal kommune er å fremje sjølvstende, tilhøyrigheit og å få menneske med psykisk lidingar til å meistre eige liv og gjennom dette få betre livskvalitet.
Brukarmedverknad og hjelp til sjølvhjelp står sentralt.
Det er eit mål å gjennomføre tiltak for å avdekkje og førebygge psykiske lidingar.
Det er eit mål å byggje opp, etablere og vidareføra ei teneste for personar med psykiske lidingar.
Det er eit mål at tenester skal omfatta tiltak for barn, unge og vaksne. Den skal og omfatte tenester og tiltak for personer med samansette lidingar som rusproblem og psykiske lidingar.
Det er eit mål å leggje til rette for å etablere gode samarbeidsrutinar med andre tenesteytarar i kommunen og Spesialisthelsetenesta.

Innhald i tenesta
Psykisk helsevern skal:
- vera eit lågterskel-tilbod, med kort ventetid.
- koordinera andre fagtenester.
- kontakt til andreline tenesta/spesialisthelsetenesta
- samtalar og heimebesøk
- dagtilbod
- miljøterapi

Kontakt

Karin Utheim Gangdal
Avd.leiar helsetenesta
Telefon: 53 67 53 80