Korleis få tenesta?

Sakshandsaming ved tildeling av tenester frå Eining pleie og Omsorg :

Publisert av Marit Brit Underhaug Klopstad. Ansvarleg Mari Brit Underhaug Klopstad. Sist endra 03.10.2018
  • Ved akutt behov for tenester, vert hjelp satt inn straks.
  • Søknadsskjema får du ved å vende deg til kontoret på Vikevollen, eller her.
  • Det føreligg tenestestandardar for nokre tenester, desse ligg på Jondal kommune si heimeside, eller ein kan få dei saman med søknadsskjema.
  • For institusjonsopphald, gjeld "Forskrift om Kvalitet i pleie-og omsorgstjenestene".
  • Ferdig utfylt skjema vert å sende "Eining Pleie-og Omsorg", ved Pleie og omsorgsleiar, Vikevollen, 5627 Jondal.
  • Vedtaksmøter og inntaksmøter vert halde ca.ein gong i veka.
  • Inntaksnemda består av tilsynslegen ved sjukeheimen, pleie-og omsorgsleiar, avdelingsleiar Vikevollen og avdelingsleiar for Heimetenestene.
  • Vedtaksnemda består av pleie-og omsorgsleiar og avdelingsleiar for Heimetenestene.
  • Sakshandsamingstid for skriftleg vedtak er ca.3 veker.
  • Alle skriftlege vedtak vert vurdert på nytt innan eit halvt år, med unnatak av langtidsopphald ved sjukeheimen, tildeling av tryggleiksalarm og vedtak på middagsombringing.
  • Alle vedtak vil innehalde informasjon om klagerett.

Kontakt

Elin Eide Brattabø
Avd.leiar Vikevollen sjukeheim
Telefon: 53 67 53 08
Ragnhild Flatebø Omdal
Kontormedarbeidar. Heom/Vikevollen
Telefon: 53 67 53 00