Jondal kommune har eit demensteam

Demensteamet i Jondal Kommune - Klikk for stort bilete

Kjenner du nokon som gløymer?

Demensteamet i Jondal Kommune består av helsepersonell med interesse og utdanning innan fagfeltet demens.

Alle som ynskjer å snakka med oss om demens kan ta kontakt. Me ynskjer å vera tilstades for å lytta, informera og gje råd om korleis du kan gå fram, for å få hjelp og støtta i din situasjon. Enten som pårørande eller om du sjølv er råka av demens

Publisert av Demensteamet. Ansvarleg Asta Nøkland. Sist endra 15.09.2016

Demensteamet ynskjer å bidra til at personar som har ein demensdiagnose, eller er i ferd med å utvikle demens vert identifisert, utreia og følgd opp i samarbeid med fastlege, demensteam, heimesjukepleie og pårørande

Demensteamet kan koma på heimebesøk, informera om aktuelle hjelpetilbod og finna praktiske løysingar i kvardagen, slik at det er mogeleg å bu heime så lenge det er ynskjeleg og forsvarleg

Alle i teamet har teieplikt og du/de treng ikkje involvera andre i omsorgstenesta før du/de er klar for det, tilbodet er gratis

I teamet arbeider

Britt-Heidi Selsvik

Marit Eide Vik

Anne Marit Selsvik Refvik

Du kan nå oss på tlf: 53 67 53 00 (kl 08.00-14.00 på kvardagar)

E-post: demensteam@jondal.kommune.no

 

Info: Demenslinjen tlf: 815 33 032

www.aldringoghelse.no