Informasjon om Jondal legekontor

Jondal kommune har to fast tilsette legar og etablerte fastlegelister for kvar av legane. Dersom det er tale om akutt sjukdom eller skade som krev time straks, vil du i enkelte høve møte ein annan lege enn fastlegen din.

Legekontoret er lokalisert i Jondal Helsesenter i underetasjen på Vikevollen.

Ein del pasientar i Jondal kommune har fastlege i andre kommunar. Vi vil sjølvsagt tilby desse hjelp dersom medisinsk vurdering eller behandling er naudsynt umiddelbart. Dersom problemstillinga ikkje hastar, vil vi måtte henvise til fastlegen, sjølv om den er i ein annan kommune.

Vi håpar at brukarane av Jondal legekontor vil bli nøgd med tenestene legekontoret kan tilby!

Kontakt

Karin Utheim Gangdal
Avd.leiar helsetenesta
Telefon: 53 67 53 80