Fastlegeordninga

Jondal kommune har to fast tilsette legar og etablerte fastlegelister for kvar av legane. Alle pasienter tilknytt fastlegeordninga ved Jondal legekontor, vert fordelt på legane. Dette vil betra kvaliteten på helsetenesta i Jondal kommune og gje pasiantane større forutsigbarhet i møte med legen sin.

Kvar lege har ansvar for kommunikasjon og samhandling med spesialisthelsetenesta, NAV, arbeidsgjevarar og andre offentlege instansar det er naturleg å samarbeida med i vår pasientretta verksemd, og denne samhandlinga vil fungera betre.



På Min fastlege kan innbyggjarar:

Sjå kven som er fastlegen deira og finne kontaktinformasjon.
Sjå kva legar som har ledige lister.
Byta fastlege for seg sjølv eller barn (busett på same adresse)
Melda seg sjølv eller barn inn eller ut av fastlegeordninga.




Kontakt

Karin Utheim Gangdal
Avd.leiar helsetenesta
Telefon: 53 67 53 80