Informasjon om legetenesta

Legetenesta held til i underetasjen på Vikevollen. I tillegg til legekontoret held også helsestasjon, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar til her.
 

Vi har to faste legar, kommuneoverlege og kommunelege.
Legetenesta si oppgåve er å gje innbyggjarane i Jondal legetenester på dagtid. Akutthjelp på kveld, natt og i helger vert dekka gjennom Odda Sjukehus/legevakt.
I tillegg har legetenesta ansvar for helsestasjon, smittevern, miljøretta helsevern og tilsyn ved Vikevollen.

Prosedyrar ved behov for hjelp:

Kontaktinformasjon
Telefonnummer: 53 67 53 80
Telefax: 53 67 53 81
Postadresse: 5627 Jondal

Ved behov for akutt hjelp ved livstrugande sjukdom, ring 113.
Etter kl. 15.00 kvardagar og kveld/natt/helg, ring legevaktsentralen,
tlf. 53 64 80 10.

Du kan og ringja det landsdekkjande legevaktnummeret: 116117

Legekontoret har opningstid:
Mandag -fredag kl. 08.30 - 15.00

Legekontoret har telefontid:
Mandag - fredag kl. 08.30 –11.00 og kl. 13.00 – 15.00
Tlf.: 53 67 53 80

Telefontid for samtale med lege:
Mandag - fredag kl. 13.00 – 13.30
Tlf.: 53 67 53 80

Prosedyre ved kontakt på naudnummer 113:
Ringjer ein dette nummeret frå fasttelefon, vil AMK-sentralen automatisk få opp på kartet kor ein ringjer i frå, og kan senda ambulanse direkte til pasienten. Legen blir kalla opp frå AMK-sentralen og rykkjer ut.

Hugs å gje nøyaktig opplysningar om:
- Kvar pasienten er
- Namnet på pasienten dersom det er mogleg.
- Telefonnummer ein ringjer frå, helst også telefonnummer til pasienten
- Kva det gjeld, så nøyaktig som mogleg
- Ved ulukker, om pasienten er vaken

Prosedyre ved kontakt Legevakt
Om ein har medisinsk behov for lege utanom kontoret si opningstid, skal ein ta kontakt med legevaktsentralen, telefon 53 64 80 10. Her møter ein helsepersonell med opplæring i å vurdera om lege må kontaktast, og om det hastar. For å kunne gje best mulig hjelp og service må de oppgje:
    - Namn
    - Fødselsdato
    - Kva henvendinga gjeld
    - Telefonnummer

Fastlegeordninga
Fastlegeordninga gir alle innbyggjarar i Norge rett til å ha ein allmennlege som sin faste lege.
Fastlegen skal først og fremst gje tilbod til dei pasientane han har på lista si.
Fastlegeordninga er friviljug. Dersom du ikkje ønskjer å vere med i fastlegeordninga, må du sjølv finne en allmennlege å gå til.

Det er 2 fastlegar ved Jondal legekontor. Legane har kvar si liste. Du kan som pasient sjølv velja kven av dei du vil ha som din fastlege, føresett at det er ledige plassar.
Det er ønskjeleg at dei som ikkje har fastlege her, tar kontakt med sin fastlege ved sjukdom.
Det er fastlegen som kjenner deg og kan derfor gje deg best behandling.
Unntaket er pasientar som har medisinsk behov for akutt hjelp. Dei blir behandla akutt ved legekontoret.

Byte av fastlege
Om ein vil skifte fastlege,eller melda seg ut av eller inn i fastlegeordninga kan dette gjerast på 2 måtar:
1. Internett på adresse: https://helsenorge.no/fastlege
2. Ein kan ringja NAV (arbeids- og velferdsetaten) sitt servicenummer på telefon
810 59 500.
Her kan dei gje deg opplysninger om kva lege som har ledige plassar på si liste, og setja deg opp på aktuell legeliste. Du vil få eit brev som stadfestar legevalet.

Jondal kommune er ein del av eit felles nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna.
To sjukepleiarar som er tilsatt i Helse og OmsorgsEininga er med i dette nettverket.
Ein sjukepleiar jobbar ved Vikevollen sjukeheim og ein sjukepleiar jobbar i HBO.
Ynskjer du kontakt med ein av desse, kan du vende deg til :
Avdelingssjukepleiar Vikevollen sjukeheim Sonja Handegard, tlf. 53 67 53 04, eller
Avdelingssjukepleiar HBO Astri-Elin Drage, tlf. 53 67 53 06.

HBO er ei avdeling under Helse og OmsorgsEininga.

HBO har sin base på Vikevollen sjukeheim, og gjev tenester til brukarar i heimane.
HBO har ansvar for eit Bukollektiv i ein del av Vikevollen sine lokaler. Der er det plass til 7 heimebuande.
HBO har fylgjande tenester:
Heimesjukepleie, praktisk bistand-heimehjelp, matombringing, tryggleiksalarm, omsorgsløn,
BPA ( BrukarStyrt Personleg Assistent) og støttekontakt.
Avdelingsleiar er Silje Elise Selsvik.

Demensteamet i Jondal Kommune

Kjenner du nokon som gløymer?

Demensteamet i Jondal Kommune består av helsepersonell med interesse og utdanning innan fagfeltet demens.

Alle som ynskjer å snakka med oss om demens kan ta kontakt. Me ynskjer å vera tilstades for å lytta, informera og gje råd om korleis du kan gå fram, for å få hjelp og støtta i din situasjon. Enten som pårørande eller om du sjølv er råka av demens

Prioriterte pasientgrupper, d.v.s. barn, ungdom og institusjonspasientar får innkalling til tannpleiar for undersøking. Tannlege frå den offentlege tannklinikken i Norheimsund vil komma hit og behandla desse pasientgruppene.

Ved behov for akutthjelp får dei hjelp på tannklinikken i Norheimsund.

Vaksne pasientar som treng tannlegehjelp tar kontakt med private tannlegar, eller tannlegevakten i Bergen, tlf: 55 56 87 17.

Helse og Omsorg har tenestestandard for fylgjande tenester : 
 - Heimesjukepleie
 - Praktisk bistand - heimehjelp
 - Tryggleiksalarm
 - Middagsombringing
 - Støttekontakt
 - Omsorgsløn
 

Sakshandsaming ved tildeling av tenester frå Eining pleie og Omsorg :


Skjemaet er tilgjengeleg på www.pasientreiser.no .


Fysioterapitenesta er lokalisert på Vikevollen sjukeheim.

Tenesta har 2 kommunalt tilsette fysioterapeutar som arbeider med klinisk verksemd retta mot born, vaksne og eldre, samt førebyggjande og helsefremjande tiltak i kommunen. Fysioterapeutane samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og i spesialisthelsetenesta.

Fysioterapitenesta har kontortelefonnummer 53 67 53 88 eller mobilnummer 948 36 053 .

Tenesta omfattar:

  • Undersøking og vurdering 
  • Behandling, rettleiing og oppfølging individuelt og/eller i gruppe 
  • Habilitering og rehabilitering, i og utanfor institusjon
  • Formidling og tilpassing av hjelpemiddel 
  • Førebyggjande og helsefremjande arbeid 

Tilvising

Born: Tilvising frå lege, helsesyster, spesialteneste, PPT, barnehage, skule og foreldre/føresette. Kan skje via tilvisningsskjema for barn og unge eller på telefon 53 67 53 88/948 36 053.

Vaksne: Tilvising frå lege.

Prioritering i fysioterapitenesta:

Born

Prioritet

 Problemstilling

 Målgrupper/eksempel

 Makstid

1. Prioritet

Barn der rask intervensjon er naudsynt og ventetid kan gje store negative konsekvensar.

  • Akutt, nyleg oppstått problemstilling.
  • Brått funksjonstap p.g.a. skade, sjukdom eller lyte og/eller store endringar i omgjevnadane.
  • Problemstillingar knytt til overgangsfasar der trening og tiltak må byrje straks.
  • Problemstillingar knytt til terminal fase, tiltak retta mot eigenaktivitet og sosial deltaking, eller for lindrande behandling.

Døme på diagnosar:

  • Barn med fødselsskade t.d. plexusskader, fotdeformitet etc.
  • Spedbarn med definert diagnose t.d.. torticollis/assymetri.
  • Barn med lungesjukdom i akutt fase t.d. Cystisk fibrose.
  • Barn med progredierande sjukdom i akutt fase.
  • Barn med revmatiske lidingar i akutt fase t.d. JRA.
  • Barn med nevrologiske lidingar i akutt fase t.d. CP, muskel dystrofi, tumor cerebri etc..
  • Oppfølging etter ortopediske inngrep t.d. brot, operasjonar etc.

1 veke

2. Prioritet

Barn der tidleg intervensjon er venta å ha stor betydning for effekt av tiltak.

  • Byrjande/aukande funksjonssvikt med store konsekvensar for mest mogeleg sjølvstendig funksjon i kvardagen.
  • Progredierande sjukdomsutvikling som fører til nedsett funksjon og auka hjelpebehov.
  • Forsinka funksjons- og aktivitetsutvikling/motorisk utvikling sett i relasjon til alder. (moderat til svært forsinka)
  • Planlagde overgangsfasar der oppfølging er naudsynt og kan planleggast.
  • 4-mnd kontroll på helsestasjon
  • Screening av 5- og 6-åringar.

Døme på diagnosar:

  • Spedbarn med sein motorisk utvikling.
  • Premature barn
  • Barn med Downs syndrom/ andre syndrom
  • Førskule-/skulebarn med sein motorisk utvikling eller samansette vanskar.
  • Barn med lungeproblematikk – kronisk fase.
  • Barn med progredierande sjukdom.
  • Barn med revmatiske lidingar.
  • Barn med nevrologiske lidingar.
  • Barn som vert tilvist frå spesialisthelsetenesta.
  • Bistand i overgangsfasar  t.d. overgang barnehage-skule
  • Barn som har vanskar med utføring av daglege aktivitetar som t.d. bu i eigen bustad, delta i leik, og/eller meistre barnehage/skule.

1 mnd

3. Prioritet

Barn der intervensjon sjåast på som hensiktsmessig for at personen kan oppretthalde/betre funksjonen i daglege aktivitetar, men tiltak kan vente utan større konsekvensar.

  • Bevegelses- eller aktivitetsvanskar som følgje av kronisk og/eller langsamt progredierande sjukdom i rolege fasar.
  • Forsinka funksjons- og aktivitetsutvikling/motorisk utvikling sett i relasjon til alder
  • Planlagde overgangsfasar der oppfølging er naudsynt og kan planleggast i god tid.

Døme på diagnosar:

  • Arbeid med koordinering av IP
  • Skulebarn med sein motorisk utvikling og/eller samansette vanskar.
  • Barn med psykosomatisk plager.
  • Barn med Downs syndrom /andre syndrom for vegleiing og vedlikehald.
  • Barn med progredierende sjukdom i roleg fase.
  • Vurdering av fotproblematikk
  • Skulebarn med smertetilstandar og muskel-skjelettsymptom (t.d. nakkeplager, hovudpine, ryggplager.)

3 mnd

 

Vaksne
 

Prioritet

 Problemstilling

 Målgrupper/eksempel

 Makstid

1. Prioritet

Personar der rask intervensjon er naudsynt og ventetid kan gje store negative konsekvensar.

  • Personar med akutt sjukdom/skade/lyte, der funksjon eller smertetilstand vil verte vesentleg forverra dersom tiltak vert utsett.
  • Personar med brått funksjonstap der det er stor mogelegheit for å gjenvinna funksjon.
  • Personar nyleg utskrivne frå spesialisthelseteneste med behov for fysioterapi.
  • Palliative pasientar i terminal fase.
  • Personar i overføringsfase mellom 1., 2. og 3. linjetenesta, der tiltak og trening må setjast i verk raskt.

Dømel på diagnoser:

  • Nyopererte
  • Hjerneslag
  • Hovudskader
  • Ryggmargskader
  • Nydiagnostiserte nevrologiske pasientar.
  • Akutte ortopediske tilstandar m/u operasjon(lårhalsbrot, protese, etc.)
  • Raskt progredierande sjukdom t.d. ALS
  • Lungesjuke i akutt fase.
  • Cancer i terminal fase
  • Rehabiliteringspasienter

1 veke

2. Prioritet

Personar der tidleg intervensjon forventas å ha stor betydning for effekt av tiltak.

  • Personar med byrjande/aukande funksjonstap med store konsekvensar for ADL og anna aktivitet, og der det er gode mogelegheiter for å gjenvinna funksjon eller førebygga ytterlegare funksjonstap.
  • Personar med kroniske, langvarige sjukdomar, spesielt i fasar med forverring.
  • Personar med funksjonsproblem/kronisk sjukdom, med fare for reduserte mogelegheiter for gjennomføring av ADL og anna aktivitet.
  • Personar med behov for tilrettelegging og/eller hjelpemiddel for å kunne bu heime og gjennomføre ADL t.d. ift hygiene, måltid, av/påkledning.
  • Personar i overføringsfasar der tiltak kan vente i 1 mnd, planlagt overgangar.

Døme på diagnosar:

  • Revmatiske lidingar i aktiv fase.
  • KOLS-forverring
  • Ortopediske inngrep etter 3 mnd.
  • Hjerneslag etter 6 mnd.
  • Nevrologiske lidingar i stabil fase (MS, Parkinson etc.)
  • Andre tilstandar som har ført til generelt funksjonstap og auka hjelpebehov.

1-2 mnd

3. Prioritet

Personar der intervensjon sjåast på som hensiktsmessig for at personen kan oppretthalde/betre funksjonen i daglege aktivitetar, men tiltak kan vente utan større konsekvensar.

  • Personar med funksjonsvanskar og/eller smerteproblematikk knytt til muskel-skjelettsystemet utan akutt problemstilling.
  • Personar med langvarig/kronisk sjukdom i stabil fase.
  • Personar med langsamt progredierande sjukdom.
  • Personar med problematikk knytta til aldring.

Døme på diagnosar:

  • Nevrologiske/ortopediske tilstandar med funksjonstap og behov for vedlikehaldstrening.
  • Kroniske revmatiske lidingar
  • Lungesjukdom i stabil fase
  • Myalgiske lidingar (nakke-, ryggplager, hovudpine etc)

3 mnd

Jondal kommune har to fast tilsette legar og etablerte fastlegelister for kvar av legane. Dersom det er tale om akutt sjukdom eller skade som krev time straks, vil du i enkelte høve møte ein annan lege enn fastlegen din.

Legekontoret er lokalisert i Jondal Helsesenter i underetasjen på Vikevollen.

Jondal kommune har to fast tilsette legar og etablerte fastlegelister for kvar av legane. Alle pasienter tilknytt fastlegeordninga ved Jondal legekontor, vert fordelt på legane. Dette vil betra kvaliteten på helsetenesta i Jondal kommune og gje pasiantane større forutsigbarhet i møte med legen sin.

Kvar lege har ansvar for kommunikasjon og samhandling med spesialisthelsetenesta, NAV, arbeidsgjevarar og andre offentlege instansar det er naturleg å samarbeida med i vår pasientretta verksemd, og denne samhandlinga vil fungera betre.



Kontakt

Karin Utheim Gangdal
Avd.leiar helsetenesta
Telefon: 53 67 53 80