Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

I Jondal kommune er Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering organisert som ei tverrfagleg gruppe som jobbar på systemnivå. Koordinerande eining har ein kontaktperson som er hovudansvarleg for drifta av eininga. Koordinerande eining er forankra i overordna leiarnivå ved rådmannen.

 Ansvar:

  • Planlegging av habilitering- og rehabiliteringsarbeid i kommunen.
  • Ha generell oversikt over behov for habilitering og rehabilitering i kommunen.
  • Sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar/brukarar ved behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.
  • Arbeidet med individuell plan.
  • Oppnemning, opplæring og vegleiing av koordinatorar.
  • Utarbeiding av rutinar og prosedyrar for arbeidet med individuell plan.

Koordinerande eining i kommunen er tverrfagleg og tverrsektorielt samansett med fylgjande faggrupper:

  • Fysioterapeut
  • Kommunelege
  • Representant frå Heimebasert omsorg (HBO)
  • Representant frå Psykisk helse
  • Representant frå NAV

Fast adresse:
Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i Jondal, Vikevollen, 5627 Jondal.
Tlf 53 67 53 00.

Kontaktperson for Koordinerande Eining: Maren Espedal Miille.

 

Aktuelle dokument:

Førespurnad om Individuellplan og/eller koordinator

Ledsagarbevis

Publisert av Gro Heidi Molland. Ansvarleg Maren Espedal Miille. Sist endra 17.11.2017

Kontakt

Maren Espedal Miille
Fysioterapeut og folkehelsekoordinator
Telefon: 53675388/53675300