Målsetjing
Barn, unge og familiar skal ha tilbod om lett tilgjengelege psykologtenester i kommunen. Statlege føringar peikar på at slike tenester skal verka førebyggjande i høve til psykisk helse.
Oppgåver
Vurdering av psykisk helsehjelp hos barn og unge, korttidsbehandling, vurdering/tilvising til spesialisthelsevesenet (BUP Voss) saman med lege eller barnevernsteneste. Vegleiing til føresette, barnehage skule, PPT og helse- og sosialtenesta. Deltaking i kommunen sitt planarbeid og kompetanseutvikling innan fagfeltet psykisk helse for barn, unge og familiar.
Kven kan nytta tilbodet ?
Målgruppa er barn og unge 0-20 år, og deira føresette. Tilbodet gjeld også gravide. Barnehage, skule og andre tenester kan søkja råd og få rettleiing etter samtykke med føresette.
Kva kan ein ta kontakt om ?
-
Bekymring for barn og unge si utvikling og psykiske helse.
-
Teikn på psykiske vanskar; angst, depresjon, åtferdsvanskar, skulevanskar, mistrivsel.
-
Utfordingar i familien; foreldrerolla, konfliktar mellom foreldre, barn og unge som pårørande.
-
Akutte hendingar barn, ungdom og familien er usette for.
Korleis ta kontakt ?
Barn, ungdom og føresette kan ta direkte kontakt med kommunepsykologen, anten på Jondal legekontor eller mobil 95 20 05 35. Barnehage og skule kan hjelpa føresette og ungdom å ta kontakt.
Helse- og sosialtenesta, PPT, barnevernstenesta, fastlege kan også ta kontakt. Det er ikkje naudsynt med skriftleg tilvising.
Organisering
Kommunepsykologen har kontortid ein dag pr veke i Jondal, anten på helsestasjonen eller Jondal skule. Tenesta vert gjeven etter lov om kommunehelseteneste og lov om helsepersonell. Psykolog har teieplikt og journalplikt. Journal vert ført i Jondal helsestasjon sitt journalsystem, men er ikkje tilgjengeleg for andre faggrupper.