Informasjon om legetenesta

Legetenesta held til i underetasjen på Vikevollen. I tillegg til legekontoret held også helsestasjon, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar til her.
 

Vi har to faste legar, kommuneoverlege og kommunelege.
Legetenesta si oppgåve er å gje innbyggjarane i Jondal legetenester på dagtid. Akutthjelp på kveld, natt og i helger vert dekka gjennom Odda Sjukehus/legevakt.
I tillegg har legetenesta ansvar for helsestasjon, smittevern, miljøretta helsevern og tilsyn ved Vikevollen.


Prosedyrar ved behov for hjelp:

Kontaktinformasjon
Telefonnummer: 53 67 53 80
Telefax: 53 67 53 81
Postadresse: 5627 Jondal

Legekontoret har også ei heimeside.


Ved behov for akutt hjelp ved livstrugande sjukdom, ring 113.
Etter kl. 15.00 kvardagar og kveld/natt/helg, ring legevaktsentralen,
tlf. 53 64 80 10.

Du kan og ringja det landsdekkjande legevaktnummeret: 116117

Legekontoret har opningstid:
Mandag -fredag kl. 08.30 - 15.00

Legekontoret har telefontid:
Mandag - fredag kl. 08.30 –11.00 og kl. 13.00 – 15.00
Tlf.: 53 67 53 80

Telefontid for samtale med lege:
Mandag - fredag kl. 13.00 – 13.30
Tlf.: 53 67 53 80

Prosedyre ved kontakt på naudnummer 113:
Ringjer ein dette nummeret frå fasttelefon, vil AMK-sentralen automatisk få opp på kartet kor ein ringjer i frå, og kan senda ambulanse direkte til pasienten. Legen blir kalla opp frå AMK-sentralen og rykkjer ut.

Hugs å gje nøyaktig opplysningar om:
- Kvar pasienten er
- Namnet på pasienten dersom det er mogleg.
- Telefonnummer ein ringjer frå, helst også telefonnummer til pasienten
- Kva det gjeld, så nøyaktig som mogleg
- Ved ulukker, om pasienten er vaken

Prosedyre ved kontakt Legevakt
Om ein har medisinsk behov for lege utanom kontoret si opningstid, skal ein ta kontakt med legevaktsentralen, telefon 53 64 80 10. Her møter ein helsepersonell med opplæring i å vurdera om lege må kontaktast, og om det hastar. For å kunne gje best mulig hjelp og service må de oppgje:
    - Namn
    - Fødselsdato
    - Kva henvendinga gjeld
    - Telefonnummer

Fastlegeordninga
Fastlegeordninga gir alle innbyggjarar i Norge rett til å ha ein allmennlege som sin faste lege.
Fastlegen skal først og fremst gje tilbod til dei pasientane han har på lista si.
Fastlegeordninga er friviljug. Dersom du ikkje ønskjer å vere med i fastlegeordninga, må du sjølv finne en allmennlege å gå til.

Det er 2 fastlegar ved Jondal legekontor. Legane har kvar si liste. Du kan som pasient sjølv velja kven av dei du vil ha som din fastlege, føresett at det er ledige plassar.
Det er ønskjeleg at dei som ikkje har fastlege her, tar kontakt med sin fastlege ved sjukdom.
Det er fastlegen som kjenner deg og kan derfor gje deg best behandling.
Unntaket er pasientar som har medisinsk behov for akutt hjelp. Dei blir behandla akutt ved legekontoret.

Byte av fastlege
Om ein vil skifte fastlege,eller melda seg ut av eller inn i fastlegeordninga kan dette gjerast på 2 måtar:
1. Internett på adresse: https://helsenorge.no/fastlege
2. Ein kan ringja NAV (arbeids- og velferdsetaten) sitt servicenummer på telefon
810 59 500.
Her kan dei gje deg opplysninger om kva lege som har ledige plassar på si liste, og setja deg opp på aktuell legeliste. Du vil få eit brev som stadfestar legevalet.

Kontakt

Karin Utheim Gangdal
Avd.leiar helsetenesta
Telefon: 53 67 53 80