Helsesøster

Helsesøster har kontor på Jondal helsesenter, i underetasjen på Vikevollen og i same lokale som legekontor.

Helsestasjon for ungdom er onsdagar kl 14-16.
Helsestasjonsdagar kvar måndag.
Skulehelseteneste kvar onsdag på Jondal skule.

Tenesta omfattar helsestasjon- og skulehelsetenesta, og er eit tilbod for barn og unge mellom 0 – 20 år. I tillegg driv helsesøster miljøretta helsearbeid, som m.a. omfattar helseopplysningar og vaksinasjon av innbyggjarane (t.d. reise- og influensavaksinering).

Tenesta representerer det helsefremjande og det sjuksomsførebyggjande arbeidet i kommunen.
Det er eit lågterskeltilbod og skal vere lett tilgjengeleg.

Kontakt

Eldbjørg Hammer
Helsesøster
Telefon: 53 67 53 85