Generell informasjon gjeldande tenestestandard i helse og omsorg

Helse og Omsorg har tenestestandard for mellom anna fylgjande tenester : 
 - Heimesjukepleie
 - Praktisk bistand - heimehjelp
 - Tryggleiksalarm
 - Middagsombringing
 - Støttekontakt
 - Omsorgsløn 

Her finn du den nyaste utgåva av Tenestestandard for helse – og omsorgstenestene i Jondal kommune. (PDF, 794 kB)

Definisjon:
Ein standard er ei rettesnor for kva som skal vere kvalitetsnivået på tenesteytinga.
Det er fagleg semje om ein tenestestandard, og den fyller lova sine minstekrav.
Ein standard seier noko om innhald og omfang av tenesta.

Generelt:
Ein tenestestandard er rettleiande, og ikkje juridisk bindande. Den vil avklare forventningar og sikre rett informasjon om tenestene.
Den kan i visse tilfelle fråvikast ut frå ei fagleg vurdering.
Grunnlaget for ein tenestestandard kan bli endra i samsvar med lov eller kommunale vedtak.
Ein tenestestandard bør evaluerast og oppdaterast annan kvart år. Pleie og Omsorgsleiar har ansvaret for dette.

Lovgrunnlag:
Lov om kommunale helse - og omsorgstenester - (Helse -og omsorgstenestelova), frå 01.01.2012. Denne lova regulerer alle helse og omsorgstenester, i samsvar med innføringen av  Samhandlingsreformen

Mål for pleie og omsorgstenesta:
Tenesta vert opplevd som hjelp til eit meiningsfullt liv, uavhengig av alder og funksjonsnedsetting, og uavhengig av om tenesta vert ytt i heimen eller i kommunale institusjonar / omsorgsbustader.

Publisert av Marit Brit Underhaug Klopstad. Ansvarleg Marit Brit Underhaug Klopstad. Sist endra 20.04.2018

Kontakt

Elin Eide Brattabø
Avd.leiar Vikevollen sjukeheim
Telefon: 53 67 53 08
Ragnhild Flatebø Omdal
Kontormedarbeidar. Heom/Vikevollen
Telefon: 53 67 53 00