Kommunepsykologtenester for barn, unge og familiar.

storfamilie - Klikk for stort bilete

Jondal kommune og Kvam herad har frå 01.09.2010 avtalt samarbeid om kommunepsykologtenester for barn, unge og familiar.

Kommunepsykologen har kontortid i Jondal følgjande dagar:

Tysdagar (partalsveker), i hovudsak på Jondal helsestasjon
Onsdagar (oddetalsveker), i hovudsak på Jondal skule

Målsetjing

Barn, unge og familiar skal ha tilbod om lett tilgjengelege psykologtenester i kommunen. Statlege føringar peikar på at slike tenester skal verka førebyggjande i høve til psykisk helse.

 Oppgåver

Vurdering av psykisk helsehjelp hos barn og unge, korttidsbehandling, vurdering/tilvising til spesialisthelsevesenet (BUP Voss) saman med lege eller barnevernsteneste. Vegleiing til føresette, barnehage skule, PPT og helse- og sosialtenesta. Deltaking i kommunen sitt planarbeid og kompetanseutvikling innan fagfeltet psykisk helse for barn, unge og familiar.

 Kven kan nytta tilbodet ?

Målgruppa er barn og unge 0-20 år, og deira føresette. Tilbodet gjeld også gravide. Barnehage, skule og andre tenester kan søkja råd og få rettleiing etter samtykke med føresette.

 Kva kan ein ta kontakt om ?

  • Bekymring for barn og unge si utvikling og psykiske helse.
  • Teikn på psykiske vanskar; angst, depresjon, åtferdsvanskar, skulevanskar, mistrivsel.
  • Utfordingar i familien; foreldrerolla, konfliktar mellom foreldre, barn og unge som pårørande.
  • Akutte hendingar barn, ungdom og familien er usette for.

 Korleis ta kontakt ?

Barn, ungdom og føresette kan ta direkte kontakt med kommunepsykologen, anten på Jondal legekontor eller mobil 95 20 05 35. Barnehage og skule kan hjelpa føresette og ungdom å ta kontakt.

Helse- og sosialtenesta, PPT, barnevernstenesta, fastlege kan også ta kontakt. Det er ikkje naudsynt med skriftleg tilvising.

 Organisering

Kommunepsykologen har kontortid ein dag pr veke i Jondal, anten på helsestasjonen eller Jondal skule. Tenesta vert gjeven etter lov om kommunehelseteneste og lov om helsepersonell. Psykolog har teieplikt og journalplikt. Journal vert ført i Jondal helsestasjon sitt journalsystem, men er ikkje tilgjengeleg for andre faggrupper.