Friskliv, læring og meistring

friskliv-mestring-nyhetsingress.jpg - Klikk for stort bilete

Jondal Kommune har ein integrert modell for friskliv, læring og meistringstilbod. Det vil seia at det er ulike tenester i kommunen som arrangerer tilboda.

Kontaktperson for friskliv, læring og meistring er Maren Espedal Miille. For spørsmål eller henvendingar kan de ta kontakt med ho på telefon 53675388.

Innbyggjarar i Jondal kommune har mogelegheit til å nytte Frisklivsentralen Odda/Ullensvang. Her kan ein få hjelp til å endre helseåtferd t.d. røykeslutt, kosthald eller fysisk aktivitet. Sjå nettsida til Frisklivssentralen for utfyllande informasjon.

Aktivitetar i kommunen:

Stad Aktivitet Dag Klokka Arrangør

 Jondal skule

FRISKTRIM Måndag 14-15 Fysioterapitenesta

 Herand kulturhus

FRISKTRIM Torsdag 11-12 Fysioterapitenesta

 Helsestasjonen

Barselgruppe     Helsestasjonen

Kafè Bokkotunet,

Odda

Kurs for pårørande til

personar med

demenssjukdom

Torsdag

18.10.

25.10. 

01.11.

08.11

16:30-19:30

LM-nettverket

Helse Fonna sine tilbod

Sjå deira arrangement kalender for aktuelle tilbod som går fast eller som er planlagt. Eller les meir om Helse Fonna sitt læring og meistringssenter (LMS).

Helse Bergen sine tilbod

Sjå deira arrangement kalender for aktuelle tilbod som går fast eller som er planlagt. Eller les meir om Helse Bergen sitt læring og meistringssenter (LMS).

Nettbasert kurs

"Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse" har ei oversikt over nettbaserte tilbod.

Publisert av Maren Miille. Sist endra 06.09.2018