Oversikt over Folkehelsa

I tråd med Folkehelselova §5 og forskrift om oversikt over folkehelsa skal kommunen kvart fjerde år utarbeida ei skriftleg oversikt over helsestilstanden og faktorar som kan påverka denne.

Oversikta er basert på tal frå offentlege statistikkar, samt kunnskap henta frå lokale kartleggingar og offentlege helse- og omsorgstenester. Folkehelse inkluderer òg mange tilhøve som ikkje kan teljast, målast eller vegast. Kva som er dei viktigaste folkehelse-utfordringane handlar i stor grad om prioriteringar og skjønn.

Oversiktsdokumentet (PDF, 963 kB) skal vera eit oppslagsverk som alle kan nytta (innbyggjarar, politikarar og fagfolk tilsett i ulike einingar). Hovudmålet med oversiktsdokumentet, forutan å oppfylla lovkrava, er å ha eit grunnlagsdokument for vidare arbeid med kommunal planstrategi og anna planarbeid i kommunen. Oversikta skal òg bidra til å gje større forståing for årsakssamanhengar.  

Publisert av Maren Miille. Ansvarleg Maren Espedal Miille. Sist endra 21.06.2017