Helse og omsorg

Helse og omsorg er ei ny eining frå og med  01.01.2015. Eininga  består av 4 avdelingar. Dette er :
Vievollen sjukeheim, HeimeBasert Omsorg (HBO), Helseavdelinga  og Bufellesskapet Vik.

Sjukeheim, heimebasert omsorg og helseavdelinga  er lokalisert på Vikevollen.
Sjukeheimen og HBO i hovudetasjen.


Helseavdelinga med legekontoret er lokalisert i underetasjen. Til helseavdelinga høyrer legekontor, psykisk helse, fysioterapi, helsestasjon, jordmor og kommunepsykologtenesta til.

Bufellesskapet Vik held til på Hagamyra, ovanfor Jonatunet.
Du vil finna meir informasjon om tenester innan dette fagfeltet ved å klikka deg inn på helse, pleie og omsorg eller søkje etter tenester.

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Ansvarleg Marit Klopstad. Sist endra 15.09.2016
Helse og omsorg
hpv-vaksine.jpg
(16.11.2016)

Alle kvinner fødd i 1991 og seinare får frå november 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig program. No er vaksinasjonsprogrammet starta opp i Jondal kommune.

(15.09.2016)

I Jondal kommune er Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering organisert som ei tverrfagleg gruppe som jobbar på systemnivå. Koordinerande eining har ein kontaktperson som er hovudansvarleg for drifta av eininga. Koordinerande eining er forankra i overordna leiarnivå ved rådmannen.

(07.06.2015)

Bufellesskapet Vik er organisert som ei avdeling under Helse og OmsorgsEininga frå og med 01.012015.

 

(18.11.2010)

Legetenesta held til i underetasjen på Vikevollen. I tillegg til legekontoret held også helsestasjon, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar til her.
 

Kontakt

Marit Brit Underhaug Klopstad
Helse- og omsorgsleiar
Telefon: 53 67 53 03
Telefon: 909 60 874