Kommuneplan samfunnsdel - høyring av planprogram

Jondal kommune har i vedtak i Kommunestyret 30.04.14, varsla oppstart av av planarbeid knytt til revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel. Samtidig vert planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel lagt ut på høyring, etter PBL § 4-1.

Det overordna målet skissert i planprogrammet er at "Me skal bli fleire!" Det er lagt opp til tre satsingsområde: Gode basistenester, Berekraftig lokalsamfunn og Samhandling.

 Utsett høyringsfrist: 11. august 2014!

Publisert av Ann-Kristin Eide. Sist endra 02.07.2015

Innspel vert å senda til Jondal kommune på e-skjema "høyringsuttale". Evt. vanleg post: Jondal kommune, 5627 Jondal. Vi oppmodar om bruk av e-skjema.

Vi ynskjer innspel på tema som er nevnt i planprogrammet. Kom gjerne med innspel på spørsmål av denne typen:

Kva skaper god folkehelse?

Kva er dei største risikofaktorane for dårleg helse?
Kva er viktig for å fremja god helse?
Korleis kan private, næringsliv og frivillig lagsliv bidra i det lokale folkehelsearbeidet?

Kva er eit godt oppvektsmiljø?
Kva er det beste med å vera barn eller ungdom i Jondal kommune?
Kva kan bli betre for barn og unge i Jondal kommune?
Kva skal til for at du vil busetja deg i Jondal kommune når du blir vaksen?

Kva er eit levande lokalsamfunn?
Kva skaper gode bumiljø?
Kva er bra i kommunen?
Kva kan bli betre i kommunen?
Kva er ein god møteplass?
Kva gjer deg engasjert og aktiv?

Kva er ein "næringsvenleg" kommune?
Kva type kompetanse har næringslivet behov for?
Kva næring er etterspurd i kommunen?
Kva etterspør tilreisande og turistar?
Kva er eit inkluderande arbeidsliv?