Tenesta omfattar deling og samanslåing av eigedomar og den saksbehandlinga som er nødvendig ifølgje lova. Det vert utarbeida matrikkelbrev som kan tinglysast. Vidare kan ein bestilla grenseavklaring og grensepåvising. Meir informasjon om tenesta kan du få ved å kontakta eining for teknisk, næring og kultur v/ jordbrukssjef, tlf. 53 66 95 23 eller epost til post@jondal.kommune.no.

Pineskår miljøstasjon er open torsdagar 12.00 - 18.00
Du kan finna meir informasjon på Indre Hordaland Miljøverk.

Du får meir informasjon ved å ta kontakt med eining for teknisk, næring og kultur v/ jordbrukssjef, tlf. 53 66 95 23. E-post: post@jondal.kommune.no

Jondal kommune yter feietenester etter gjeldande regelverk. Ved behov for feiing eller informasjon om tenesta, ta kontakt med eining for teknisk, næring og kultur på tlf. 53 66 95 20 eller epost post@jondal.kommune.no.

Husstandar med kommunal kloakk får tømt septiktankar utan ekstra gebyr. Hustandar med private anlegg vert tømt etter avtale. Tøming skjer på hausten og vert nærare kunngjort på heimesida.
For meir informasjon om tenesta, ta kontakt med eining for teknisk, næring og kultur på tlf. 53 66 95 20 eller epost post@jondal.kommune.no.