Vedtekter for Jondal barnehage

 Vedteke av PDU 12.03.18

§ 1 EIGARTILHØVE
Vedtektene gjeld for kommunal barnehage i Jondal.

§2 LOVHEIMEL
Barnehagen vert driven i samsvar med ”Lov om barnehagar” og «Rammeplan for barnehagen» med tilhøyrande forskrifter og retningsliner fastsette av Kunnskapsdepartementet samt kommunale vedtak og vedtekne planar for barnehagen.

§ 3. FORVALTNING
Jondal kommune ved Plan- og driftsutvalet (PDU) er driftsstyre for Jondal barnehage.

§ 4. SAMARBEID BARNEHAGE – HEIM

a) Foreldreråd:
Barnehagen skal ha eit foreldreråd. Foreldrerådet er alle føresette som har barn i barnehagen. Foreldrerådet sine oppgåver går fram av føresegnene til barnehagelova.

b) Samarbeidsutval/SU:
Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval som er samansett slik:
            2 representantar frå kommunen med vararepresentantar
            2 representantar frå foreldra med vararepresentantar
            2 representantar frå tilsette med vararepresentantar

Styret konstituerer seg sjølv og vel leiar.
Om det ved leiarval blir stemmelikheit blir det loddtrekning mellom dei kandidatane til leiarvervet som har like mange stemmer.
Ved stemmelikheit i andre saker har leiaren dobbeltstemme.

Styrar er sekretær for samarbeidsutvalet og har møte-, tale- og framleggsrett, men ikkje med stemmerett, med mindre styrar er vald som styremedlem.

Samarbeidsutvalet skal vera kontaktskapande, rådgjevande og samordnanade og har rett til å uttala seg om saker som er viktige for innhaldet i barnehagen, verksemda generelt og tilhøve til føresette.
Samarbeidsutvalet skal i samarbeid med styrar sjå til at barnehagen er driven i samsvar med lover, føresegner, vedtekter og budsjett.

c) Barnehagen skal kvart år ha fylgjande faste kontaktar med føresette:
            to foreldremøte
            to foreldresamtalar kring kvart barn

§ 5. FØREMÅL

a) Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd og gje barn under grunnskulealder eit godt oppvekstmiljø med vekt på leik, læring og sosialt samvær med andre barn og vaksne.
Barnehagen skal hjelpa til med å utvikla personlegdomen til det einskilde barnet, utvikla evne til toleranse og til å ha omsorg for andre. Barnehagen skal gje høve til sjølvutfalding med allsidig vekt til leik og aktivitet.

Alle barn i barnehagane har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Kvar tilsett har eit særleg ansvar for at dette har eit stort fokus i kvardagen, for å griper inn når ein ser at barn ikkje har det trygt og godt og for å varsla pedagogisk leiar/styrar fortløpande. Pedagogisk leiar og styrar skal, saman med heimen og dei tilsette, gjera tiltak for at barnet skal få det trygt og godt.

Saman med heimen skal barnehagen hjelpa til med å gje barna eit miljø som sikrar dei individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, utfalding, læring og estetisk utvikling.
Barnehagen skal også fremja verdiar knytt til lokalsamfunnet med vekt på språklege og kulturelle tradisjonar.


Jfr. Rammeplan for barnehagar.

b) Barnehagen skal byggja på dei grunnleggjande verdiar som kjem til uttrykk i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Den etiske rettleiinga barnehagen gjev, må ta omsyn til alderen, mogninga og heimemiljøet til barnet.

Barnehagen skal formidla sentrale kulturelle tradisjonar slik dei m.a. kjem til uttrykk ved dei store høgtidene. Barnehagen skal likevel ta omsyn til at barna kan høyra til familiar frå ulike trussamfunn og med ulike livssyn. Føresette må bli orienterte (t.d .på foreldremøte eller foreldresamtale) om opplegg rundt t.d. jul og påske, og dei må få høve til å reservera seg for at barnet skal delta i aktivitetar som støyter mot deira overtyding.

§6. BARN SIN RETT TIL MEDVERKNAD
Barn har rett til å uttala seg om det som vedkjem dei, og skal ha høve til å ta del i det som omfattar livet i deira og opplegget i barnehagen.
Det skal leggjast vekt på barna sine synspunkt i samsvar med alder og mogning.

§ 7 OPNINGSTIDER
a) Dagleg opningstid
Jondal barnehage har opningstid frå kl. 0700 – kl. 1615
Styrar kan ved særlege høve organisera alternativ opningstid.

Maksimal opphaldstid for eit barn er 8 timar og 30 minuttar pr dag. 
Korttidstilbodet på inntil 4 timar skal vera i perioden kl 8.30 - kl 14.30.
Ved særskilde høve kan styrar gjera unntak.

b) Ferie
Alle barn skal ha minimum fire veker ferie, der tre av vekene skal vera samanhengande i sommarferien.
Styrar har fullmakt til å stengja barnehagen inntil tre veker for å avvikle ferie for personalet. Dersom det er mogeleg innan tildelt økonomisk ramme og ferieavvikling, kan barnehagen vera open heile sommaren.

c) Jul og påske
Barnehagen er stengd julaftan og nyttårsaftan.  Barnehagen er stengd to til tre dagar i romjula, og tre dagar mellom palmesøndag og skjærtorsdag.

d) Planleggingsdagar
Barnehagen er stengd 5 dagar/år for avtalefesta planleggingstid jmf. barnehagerute.

§8 OPPTAK
Opptak i barnehagen fylgjer kommunalt delegasjonsvedtak.

Eit barn som har fått plass i barnehagen har denne plassen til den vert oppsagt eller inntil 15. august det året barnet fyller 6 år. Utviding av plassar vert prioritert framfor nye plassar.

Søknad om opptak skal skrivast på fastsett skjema
Søknadsskjema finn ein i 
- barnehagen
- på tenestetorget
- på kommunen si heimeside og oppvekst/barnehagen si heimeside
Søknad om evt. utviding eller reduksjon skal vera skriftleg.

Søknadsfrist for hovudinntaket er sett til 15. mars, og vert kunngjort i lokalpressa og ved oppslag.

 

§ 9 OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIING
a) Barnehageåret går frå medio august og eitt år framover.
Det er i hovudsak to oppstartsdatoar: medio august og 1.januar.
Hovudopptak skjer etter søknadsfristen 15.mars og søkjarane vil då få tildelt plass for det påfølgjande barnehageåret.
Dersom det er ledige plassar, kan styrar ved særskilte tilfelle ta opp barn heile året etter søknad.

b) Sakshandsaming ved tildeling av barnehageplass:
Ved hovudopptak gjeld lovfesta Rett til plass i barnehage etter § 12 a i Lov om barnehagar.  

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert fødd.

c) Ynskje om dagar.
Ved opptak vil søknad om fem-dagars plass gå føre søknad om færre dagar ved elles lik ståstad i forhold til prioritering. Av omsyn til barnet og etter ei fagleg vurdering, er minste tilbod om barnehageplass tre dagar per veke.

d) Oppseiing
Oppseiingsfristen er innan 1. månaden før oppseinga gjeld frå. (Døme: Oppseiing innan 1.november for oppseiing frå 1.desember).
Ved opptak og oppseiing skal det betalast for heile månader.

Siste dato for oppseiing i løpet av barnehageåret er 1.mars med verknad frå 1.april. Etter dette må ein betala ut barnehageåret. Unntak frå dette kan styrar vurdera, - t.d. ved flytting eller langvarig sjukdom.

§ 10 PRIORITERING VED OPPTAK
Dersom det ikkje er plass til alle barn på ynskt plass, vert tildeling av barnehageplass gjort etter fylgjande prioritering:
            1. Barn med nedsett funksjonsevne (etter sakkunnig tilråding frå t.d.PPT, lækjar,                      sosialteneste eller barnevern).
            2. Barn i ein vanskeleg livssituasjon
            3. Barn som har trong for språkeleg og kulturell integrering
            4. Barn av einslege forsytarar i arbeid eller under utdanning
            5. Resten av plassane vert prioritert etter alder med dei eldste barna først.

Klage på opptak fylgjer kommunalt delegasjonsvedtak ( jfr. Forvaltningslova § 29)

§ 11 FORELDREBETALING
a) Kommunestyret fastset satsar for foreldrebetaling som gjeld for eit år om gongen rekna frå 1. januar. Kommunen bruker nasjonal makspris.

Det skal betalast for 11 månader per år. Juli er betalingsfri. Betaling for kost kjem i tillegg.

b) Barnehagen kan ved vurdering gje tilbod om opphald utover fast opphaldstid etter satsar fastsett av kommunestyret.

c) Søskenmoderasjon blir gitt i samsvar med gjeldande Stortingsvedtak , f.t. med 30 % for 2. barnet, 50 % for 3. barnet og kvart barn utover dette.

d) Redusert foreldrebetaling inneber at

  • ingen skal betale meir enn 6% av hushaldets inntekt for ein barnehageplass.   
  • alle tre-, fire- og fem-åringer og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timer gratis oppholdstid i barnehage per uke.

Søknadsskjema om redusert foreldrebetaling kan ein få i barnehagen, men ligg og på heimesida.

e) Ved samanhengande sjukdom i meir enn ein månad, kan det søkjast om halv betaling ved framlagt lækjarerklæring.

§12 HELSETILSYN
Når eit barn byrjar i barnehagen, skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt fram på dei ordinære undersøkingane på helsestasjonen, kan ei slik erklæring gjevast av barnet sine foreldre/føresette
Opplysningar om dette skal leverast i barnehagen ved oppstart.

§ 13 LEIKE OG OPPHALDSAREAL
Leike og opphaldsareal inne skal vera utforma slik at det tilfredsstiller krava i Lov om barnehage
(§ 3) dvs. 4 kvm for barn over 3 år og ca. 5,3 kvm for barn under 3 år.

§14 PERSONALFORVALTNING
Personalet vert tilsett i samsvar med kommunalt tilsettingsreglement.
Personalet har teieplikt om alle personopplysningar dei vert kjende med gjennom arbeidet. 
Ved tilsetjing skal personalet leggja fram godkjend politiattest av ny dato og helseerklæring etter gjeldande regelverk.

Bemanninga i barnehagen skal vera i tråd med Lov om barnehagar både med tanke på grunnbemanning og pedagogisk bemanning pr. gruppe.

§ 15. ORDENSREGLAR
Barnehagen skal ha eigne ordensreglar om m.a.
- fråvær
- sjukdom
- andre praktiske tiltak

§ 16. INTERNKONTROLL
Barnehagen fylgjer systemet for internkontroll i kommunen.

§ 17 ENDRING AV VEDTEKTENE
Vedtektene skal godkjennast i PDU i kvar valperiode.

Utanom dette kan ev. endringsframlegg sendast via Samarbeidsutvalet til kommunen ved einingsleiar for oppvekst og kultur. 
PDU er godkjenningsinstans.

Kommunen ved einingsleiar kan gjera endringar som er av administrativ art eller endring som følge av statlege pålegg/endring av regelverk.

Kontakt

Ann-Kristin Strømme Bråthen
Styrar i barnehagen
Telefon: 53 66 95 90