Verksemdsleiar byggdrift

Screenshot_1.jpg - Klikk for stort bilete

Me har ledig ein spennande og utfordrande 100% stilling som verksemdsleiar i Ullensvang kommune. 

 

No søkjer me ein drivande og utviklingsorientert sjef til overordna og koordinerande leiing av verksemda byggdrift, i Ullensvang kommune

Stillinga er ledig for tiltredelse.

Tenesteområde:
Ullensvang kommune har dyktige fagfolk innanfor byggdrift. Verksemdsleiar har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for verksemda. Oppgåvene og ansvaret dekkjer felta innanfor drift, vedlikehald og utvikling av den kommunale byggemassen. Arbeidet foregår i nært samarbeid med sjef for eigedom og utleige.

Leiaroppgåver:
Fagleg og administrativ leiing av verksemda. Bidra til å skapa positiv utvikling av medarbeidarar og den samla kompetansen. Sikra god økonomistyring og resultatoppfølgjing. Leggje til rette for godt samarbeid med andre verksemder og innbyggjarar, myndigheiter og eksterne aktørar. Sørge for at utvikling- og drift går hand i hand.

Kvalifikasjonar:
Utfordringane i stillinga krev leiarrøynsle frå kommunesektoren, eller frå større tekniske miljø i næringslivet. Du må ha høgare utdanning, helst innanfor fagområdet som du skal leia. Du mestre norsk språk godt.

Personlige eigenskaper:
Me søker etter ein strukturert, fleksibel og løysingsorientert person som skal vera ein pådrivar i utviklinga av, renovasjonen, tekniske tenester og Ullensvang kommune. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper som evne til samarbeid, heilhetsforståing, lojalitet og kreativitet.

 

Lønsvilkår:

  • Løn etter avtale

 

Me tilbyr:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Dyktige kollegaer.
  • Konkurransedyktige vilkår.

 

Har du spørsmål vedrørandre stillinga ta kontakt med kommunalsjef for teknikk og miljø:

Anton Langeland, tlf: 97558602 eller e-post: Anton.Langeland@ullensvang.kommune.no

 

Søk på stilling her.

 

Søknadsfrist: 23.06.19

Sist endra 06.06.2019