Sjukepleiarar i Helse og omsorg

Jul på Vikevollen - Klikk for stort bilete

To faste 100 % stillingar som sjukepleiar ledig, arbeidsstad på sjukeheimen, og/eller i Heimebasert omsorg.

Kompetansekrav:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Politiattest av ny dato.

Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid
- Oppfylging av dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningsliner
- Kontakt og samarbeid med pårørande.

Personlege eigenskapar:
- Verdsetje ein utfordrande og hektisk arbeidskvardag
- Omsorgsfull, empatisk og trygg
- Godt humør
- Fleksibilitet og evne til samarbeid, også over avdelingsgrensene
- Gode kommunikasjonsevner.

Jondal er ei flott bygd i Hardanger, med plommer og morellar, med fjell og fjord, båtliv og Folgefonn sommarskisenter i nærleiken. Den som er glad i naturen bør ta turen til Hardanger og oppleve bygda vår. Vil du ta turen til Bergen, kjem du dit med ei ferje og 9 mil å køyre. Det er 40 min. til Odda. Frå 01.01.20 blir Jondal kommune slått saman med Odda kommune og Ullensvang herad, og blir til Ullensvang kommune.

Helse og omsorg består av sjukeheim, med 19 einerom og to akuttrom, Heimebasert omsorg, med base på sjukeheimen, og eit bukollektiv på 9 plassar for heimebuande. Helseavdelinga har legekontor, fysioterapeutar, tilbod innan psykisk helse, rus og psykiatri, jordmor og helsesøster. I eininga er det også eit bufellesskap for langtidspasientar innan psykiatri.

Vi er ein gjeng med flinke sjukepleiarar og helsefagarbeidarar – med og utan vidareutdanning. Desse vil ta godt imot deg og fylgje deg opp i arbeidet. Vi gler oss alle til å bli kjent med deg. Vi vektlegg fagutvikling som naudsynt for å utvikle tenestene våre.

Fire avdelingsleiarar og fagsjukepleiar utgjer vårt fagråd, som vi kallar Kvalitetsrådet. Deling av kunnskap og kontinuerleg forbetring av tenestene gjennom stadig å auke kompetansen, er vårt varemerke. Vi har eigen opplæringsplan, med sjekkliste. Det er utarbeidd stillingsomtale for alle stillingane. Du vil få utvikle deg som sjukepleiar hos oss. Eininga har demensteam og palliasjonssjukepleiarar; og eige lindrande rom som nyleg er ferdig.

Om du har vore lenge sjukepleiar og ynskjer deg nye utfordringar, eller du er nyutdanna og vil  finne din plass i kommunehelsetenesta, er du rette personen for oss.

Du vil bli kalla inn til intervju.

Kommunen kan tilby:
- Hjelp til å skaffa bustad
- Ledige barnehageplassar
- God pensjonsordning i KLP
- Løn etter avtale.

 

Kontaktperson:
Helse og omsorgsleiar Marit Klopstad, tlf. 53 67 53 03/00, eller 90 96 08 74, eller avd.leiar Sonja Handegard, tlf. 53 67 53 04 / 00.

Velkommen som søkjar.

Søknadsfrist: 02.02.19

For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg på vår heimeside: jondal.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om søknadsskjema kontakt tlf. 53 66 95 00.

Søknaden har arkivsaksnummer: 19/26

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Marit Klopstad. Sist endra 09.01.2019