Ringevikar - Jondal skule

skulen_oversikt.jpg - Klikk for stort bilete

Jondal skule har behov for å kome i kontakt med personar som kan tenkje seg å vere ringevikar, både som lærar og assistent.
Det er ikkje noko spesiell søknadsfrist, dette er eit kontinuerlig behov ved Jondal skule.

Jondal skule er ein kombinert 1. – 10. skule med om lag 130 elevar. Personalet utgjer om lag 20 årsverk.
Skulen har gode lokale og eit fint uteområde med attraktivt nærmiljøanlegg.

Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Me søkjer etter personar som kan vere ringevikarar. Dette gjeld både som lærarvikar og vikar for assistentar.

Nærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med Jondal skule ved rektor Sarah Marie Røstbø tlf 53 66 95 50/ 51 eller mob: 951 226 15

Løn, arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Nynorsk er teneste- og opplæringsmål.
I første omgang er det ikkje nødvendig å sende søknad, berre ring oss.
Den eller dei som vert ringevikar, må leggje fram politiattest av nyare dato.


TA KONTAKT!