Ringevikar - Jondal barnehage

Barnehagen ute - Klikk for stort bilete

Jondal kommune har behov for å koma i kontakt med personar som kan tenkja seg å vera ringevikar til barnehagen.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 13.08.2019

Jondal barnehage ønskjer kontakt med personar som kan stå på lista over ringevikarar, personar som kan stilla på kort varsel ved t.d. sjukdom hjå personale.

 

Det må vera personar som er interessert i å jobba med born, og helst har noko erfaring med dette.

 

Kan dette vera noko for deg, ta kontakt med Personalsjef i Jondal kommune, Frank Westad.
tlf: 5366 9506 - frank.westad@jondal.kommune.no