Ledig stilling som rektor

skulen_oversikt.jpg - Klikk for stort bilete

Det vert ledig stilling som rektor ved Jondal skule, vikariat frå juni og i ca eitt år.

Jondal er ei flott bygd i Hardanger, med plommer og morellar, med fjell og fjord, båtliv og Folgefonn sommarskisenter i nærleiken. Den som er glad i naturen bør ta turen til Hardanger og oppleve bygda vår. Vil du ta turen til Bergen, kjem du dit med ei ferje og 9 mil å køyre. Det er 40 min. til Odda. Frå 01.01.20 blir Jondal kommune slått saman med Odda kommune og Ullensvang herad, og blir til Ullensvang kommune.

Ansvar
Rektor har ansvar for kort- og langtidsplanlegging, utvikling, økonomistyring, tenesteyting, mål- og resultatoppfølging for skulen, vaksenopplæringa og SFO. Rektor har òg personalansvar for tilsett i symjehallen og ansvar for utleige av skulen sine bygg.
Skulen er under rehabilitering. Rektor har ei viktig rolle inn i dette arbeidet, både knytt mot kommune og prosjektgruppe, og arbeidet med å ivareta tilsette og elevar gjennom rehabiliteringsperioden.

Jondal kommune, og Jondal skule, går inn i ein toårsperiode med rettleiing frå Udir sitt Veilederkorps. Rektor er kontaktperson her, og får ansvar for å følgje opp vegleiinga på skulen.

Kompetanse

- relevant pedagogisk kompetanse
- tilleggsutdanning innan skuleleiing og leiing
- relevant leiarpraksis

Eigenskapar
- evne til å inspirera og engasjera både i kvardagen og i dei lengre utviklingsprosjekta
- evne til å utvikle skulen pedagogisk og oppnå resultat
- målretta, strukturert og relasjonsorientert.

Jondal skule
Skulen har i dag omlag 120 elevar frå 1. til 10. klasse, og 28 tilsette i skule og vaksenopplæring.

Jondal skule inngår i eining Oppvekst og kultur. Leiarteamet ved skulen/vaksenopplæringa er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar. Skulen har eit stabilt elevgrunnlag. Skulen har eit godt tilrettelagt uteområde med ballbinge, aktivitetspark og kunstgrasbane, og me har eit nyrenovert 16,5 m symjebasseng. Det faglege fellesskapet ved skulen er sterkt og arbeidsmiljøet er positivt og inkluderande.

Skulen sine hovudsatsingsområde er lesing i alle fag og godt læringsmiljø. Me held no på med etterarbeid etter to prosjekt der lesing var hovudfokus: TettPå med PPT og StatpedVest (1.-4. klasse) og Ungdomssteg i Utvikling (5.-10. klasse). Me arbeider med ein Lese- og skriveplan, og med Språkløyper. Godt læringsmiljø jobbar me med gjennom aktivitet og inkludering i friminutta, og nyttar Trivselsprogrammet. Jondal skule er også ein MOT-skule med rektor som ein sentral person i dette arbeidet. I tillegg søkjer skulen om å få vera med på Udir sitt kompetanseutvikingsprosjektet «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».

Kontaktperson
Rektor Sarah Marie Røstbø, telefon 951 22 615, er kontaktperson.

For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg på vår heimeside, jondal.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om søknadsskjema ring 53 66 95 00.

Søknadsfrist: 22.02.19. Søknaden har arkivsaksnummer: 19/32

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Sarah Marie Røstbø. Sist endra 11.02.2019