Ledig stilling som badevakt

Stupebrettet - Klikk for stort bilete Anders Ellingsen

Jondal kommune har ledig 22,75 % mellombels stilling som badevakt ved den offentlege badinga i symjehallen i perioden 1. november 2018 til 31.mai 2019.

Arbeidstida vil vera tysdagar kl. 14.45-19.15 og torsdagar kl. 15.45-19.15, dvs. fem timar pr. veke med kveldstillegg etter kl 17.00. Søkjar må ha livredningskompetanse/-bevis frå 2018. Stillinga kan evt. delast mellom fleire.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakta Jondal kommune ved einingsleiar for oppvekst og kultur, Olaug Værland, telefon 53 66 95 51/99 45 54 39.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Oppgje referansar i søknaden.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest av nyare dato.

Søknad sendast via kommunen sin søknadsportal.
Saka har arkivsaksnummer 18/361.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Olaug Værland. Sist endra 19.11.2018