Juridisk rådgjevar

Fast stilling 100 % som juridisk rådgjevar Screenshot_1.jpg - Klikk for stort bilete

For å styrkja utviklinga av Ullensvang kommune ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert rådgjevar i 100% fast stilling.

Start frå august i Ullensvang herad og videreført stilling i Ullensvang kommune.

Hovudansvarsområde vil være juridisk rådgjeving, bidra til å auke den juridiske kompetansen og kvaliteten i organisasjonen, samt tverrsektoriell rådgjeving og sakshandsaming.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Relevant juridisk kompetanse frå universitet/høgskule
  • Fordel med erfaring frå offentleg sektor, men ikkje noko krav
  • Kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
  • God munleg og skriftlig framstillingsevne
  • Digital kompetanse og interesse

 

Personlige eigenskapar:

  • Trivst med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press
  • Ynskje om å bidra til å utvikla den nye kommunen og ei ny verksemd
  • Evne til å arbeida systematisk og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og positiv innstilling
  • Evne og vilje til å tilegne og dele ny kompetanse

 

Lønsvilkår:

  • Løn etter avtale

 

Tilsetjinga skjer etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement.
Tilsetjing i Ullensvang herad fram til 1.1.2020, deretter i Ullensvang kommune.

Dersom du finn stillinga interessant og ynskjer å vera med på laget er du velkomen som søkjar.

 

Ullensvang kommune kan tilby:

  • Interessante arbeidsoppgaver og utviklingsmuligheter
  • Gode pensjons- og forsikringsordning

 

Nærare opplysningar er å få hjå: 

Assisterande rådmann i Ullensvang kommune, Magnus Steigedal

tlf. 93 64 44 42 eller e-post: magnus.steigedal@ullensvang.kommune.no

 

Søk på stilling her.

 

Søknadsfrist: 21.06.19

Sist endra 06.06.2019