Ingeniør - oppmåling

Jondal kommunehus - Klikk for stort bilete

Jondal kommune har ledig 100 % fast stilling som ingeniør for oppmåling og arbeid etter matrikkellova med oppstart snarast.

Jondal er ei flott bygd i Hardanger med fjell og fjord, båtliv og Fonna Glacier Ski Resort i nærleiken. Den som er glad i naturen bør ta turen til Hardanger å oppleva bygda vår. Vil du ta turen til Bergen, kjem du dit med ei ferje og 9 mil å køyra. Det er 40 min. til Odda. Frå 01.01.2020 blir Jondal kommune slått saman med Odda kommune og Ullensvang herad, og blir til Ullensvang kommune.

Beskriving av stilling
Stillinga vil i hovudsak ha som arbeidsområde sakshandsaming og oppmålingsforretningar etter matrikkellova, eigarseksjonslova, innmåling og utsetting av VVA-anlegg og bygningar, oppdatering av leidningskart, rettleiing av kundar og støtte for matrikkel og kart, kundekontakt og andre utviklings- og driftsoppgåver ved eining for teknisk og næring.

Kompetanse
Bachelor/master i ingeniørfag, med god kjennskap til oppmåling og kommunal sakshandsaming. Krav om førarkort.

Kommunen kan tilby:
- Hjelp til å skaffa bustad
- Ledige barnehageplassar
- God pensjonsordning i KLP
- Løn etter avtale.

Interesserte kan venda seg til avdelingsingeniør Torkjell Tolo på tlf.nr. 53 66 95 22.

Søknadsfrist er 15.02.2019.

For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg på vår heimeside: jondal.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om søknadsskjema kontakt tlf. 53 66 95 00.
Søknaden har arkivsaksnummer: 19/53

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.


 

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Frank Westad. Sist endra 22.01.2019