Helsefagarbeidar

vikevollen.crop.jpg - Klikk for stort bilete

Det er ledig tre 100 % faste stillingar for helsefagarbeidar i Pleie og omsorg i Jondal kommune frå 01.08.19.

Det er fleksible turnusstillingar, med arbeid minimum 3. kvar helg. Stillingane er plassert på sjukeheimen og i Heimebasert omsorg.

Pleie og omsorg i Jondal kommune består av Vikevollen sjukeheim, med 19 langtidsplassar og to rom nytta til korttidsplass eller behov for akutt hjelp og Heimebasert omsorg, med base på sjukeheimen. Heimebasert omsorg har og ansvar for eit bukollektiv med ni rom i same bygg. Her arbeider ein gjeng med flinke helsefagarbeidarar, assistentar og sjukepleiarar – med og utan vidareutdanning. Desse vil saman med leiarane ta godt imot deg og fylgje deg opp.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppgåver knytt til daglege rutinar på sjukeheim og i heimebasert omsorg. Pleie, aktivisering, tilberede måltid og tilrettelegge for trivsel både hos pasient og kollega
  • Aktivt bidra til at pasientane og brukarane får fine dagar
  • Tverrfagleg samarbeid, kontakt og samarbeid med pårørande
  • Oppfylging av dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningsliner.

Kompetansekrav:

  • Autorisasjon som Helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B er eit føremon
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. (Godkjent norsktest nivå B).

Personlege eigenskapar:

  • Omsorgsfull, empatisk og trygg
  • Godt humør
  • Fleksibel og god på samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner.

Om du har vore helsefagarbeidar lenge og ynskjer nye utfordringar, eller du er nyutdanna og vil finne din plass i kommunehelsetenesta, står vi klare til å ta imot deg. Du kan bli kalla inn til intervju.

Kommunen kan tilby:

  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Ledige barnehageplassar
  • God pensjonsordning i KLP
  • Lønn etter avtale.

Kontaktperson:
Leiar for Heimebasert omsorg, Silje Selsvik, 907 88 626.
Søknadsfrist: 16.06.19.

For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg på vår heimeside: jondal.kommune.no - ledige stillingar. Søknaden har arkivsaksnummer 19/189.
For spørsmål om søknadsskjema kontakt tlf. 53 66 95 00.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 24.05.2019