Helsefagarbeidar i Helse og Omsorg

Jul på Vikevollen - Klikk for stort bilete

Ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar, arbeidsstad på sjukeheimen og/eller i Heimebasert omsorg.

Stillinga er turnusstilling med minimum arbeid 3. kvar helg.


Krav til stillinga:
Autorisasjon som helsefagarbeidar. Relevant vidareutdanning vil bli føretrekt. Ved mangel på utdanning, kan ufaglærte bli tilsett i avgrensa periode, maks 6 månader om gongen.

Andre krav til stillinga:
Godkjent norsktest nivå B. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Politiattest av ny dato, ved tilsetting. Førarkort klasse B er ei føremon. Det vil bli gitt god opplæring.

Personlege eigenskapar som blir vektlagt:
Gode samarbeidsevner, godt tverrfaglege samarbeid, verdsetjing av ein utfordrande og hektisk arbeidskvardag. Omsorgsfull og trygg framferd, godt humør, fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner.

Jondal er ei flott bygd i Hardanger, med plommer og morellar, med fjell og fjord, båtliv og Folgefonn sommarskisenter i nærleiken. Den som er glad i naturen bør ta turen til Hardanger og oppleve bygda vår. Vil du ta turen til Bergen, kjem du dit med ferje og 9 mil å køyre. Det er 40 min. til Odda.

Frå 01.01.20 blir Jondal kommune slått saman med Odda kommune og Ullensvang herad, og blir til Ullensvang kommune.

Helse og omsorg består av sjukeheim med 19 einerom og to akuttrom, Heimebasert omsorg med base på sjukeheimen, og eit bukollektiv på 9 plassar for heimebuande. Helseavdelinga har legekontor, fysioterapeutar, tilbod innan psykisk helse, rus og psykiatri, jordmor og helsesøster. I eininga er det også eit bufellesskap for langtidspasientar innan psykiatri.


Helse og omsorgsleiar er leiar for ein gjeng med mange flinke sjukepleiarar og helsefagarbeidarar – med og utan vidareutdanning. Desse vil ta godt imot deg og fylgje deg opp i arbeidet. Vi gler oss alle til å bli kjent med deg. Vi vektlegg fagutvikling som naudsynt for å utvikle tenestene våre.

Fire avdelingsleiarar og fagsjukepleiar utgjer vårt fagråd, som vi kallar Kvalitetsrådet. Deling av kunnskap og kontinuerleg forbetring av tenestene gjennom stadig å auke kompetansen, er vårt varemerke.

Vi har eigen opplæringsplan med sjekkliste. Det er utarbeidd stillingsomtale for alle stillingane i eininga vår. Du vil få utvikle deg som helsefagarbeidar hos oss. Eininga har demensteam og palliasjonssjukepleiarar, og eige lindrande rom som nyleg er ferdigstilt.

Om du har vore lenge helsefagarbeidar og ynskjer deg nye utfordringar, eller du er nyutdanna og vil finne din plass i kommunehelsetenesta, er du rette personen for oss.

Du vil bli kalla inn til intervju.

Kommunen kan tilby:
- Hjelp til å skaffa bustad
- barnehageplassar
- God pensjonsordning i KLP
- Løn etter avtale.

 

Kontaktperson:
Helse og omsorgsleiar Marit Klopstad, tlf. 53 67 53 03/00, eller 90 96 08 74, eller ring avd.leiar Sonja Handegard, tlf. 53 67 53 04/00.

Velkommen som søkjar.

Søknadsfrist: 02.02.19.

For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg på vår heimeside: jondal.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om søknadsskjema kontakt tlf. 53 66 95 00.

Søknaden har arkivsaksnummer: 19/27

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 09.01.2019