Plan- og driftsutvalet

kommunevåpen stor (Medium).jpg - Klikk for stort bilete

 

Med verknad frå 01.01.2017 har vi fått eit nytt utval i Jondal kommune, utvalet har fått namnet plan- og driftsutvalet (PDU).

Vedtaket om å opprette det nye utvalet vart fatta av kommunestyret i deira møte 14.12.2016. Samstundes som det nye utvalet vart oppretta vart hovudutval for oppvekst og levekår og hovudutval for teknisk, næring og kultur lagde ned.

​Det nye utvalet vil i stor grad ha same arbeidsfelt som det dei to nedlagde utvala hadde.

Medlemer i det nye utvalet er desse personane:
​Reidun Haugen Dalseth (Krf), leiar
​Terje Grøtt (SP), nestleiar
Hege Brattabø (Sp)
​Lajla Margrethe Lindskog-Lund (Sp)
​Olav Magnus Hammer (Ap)
​Kurt Sollesnes (Ap)
Elin Eide (H)

 

Utvalet har til vanleg møtetid måndagar kl. 14.00.

Publisert av Ragnvald Joakimsen. Sist endra 22.02.2017