Organisasjonen

Jondal kommune er organisert etter ein to-nivå modell. 

Rådmannsstab og støtteeining
Består av rådmann og administrativ leiing med personal, økonomi, informasjon, plan og politikk som ansvarsområde. Flyktningstenesta ligg og til rådmannsstaben. Støtteeininga har ansvar for merkantile tenester, arkiv og bibliotek, IT og økonomi. Kontora ligg i kommunehuset.

Biblioteket ligg på Jondal skule og er eit kombinert folke- og skulebibliotek.
Dagleg leiar er rådmannen.

Jondal skule
Jondal skule ligg i Vik og er ein kombinert barne - og ungdomsskule.
Dagleg leiar er rektor som og er skulefagleg ansvarleg i Jondal kommune.

Jondal barnehage
Jondal barnehage ligg i Vik og er ein barnehage med tre avdelingar for barn mellom 0 og 6 år.
Dagleg leiar er barnehagestyrar.

Kulturskulen
Kulturskulen held til i i det raude huset mellom Jondal barnehage og Jondal skule.Tilbodet ved skulen er mangfaldig og i tillegg til individuell musikk- og instrumentopplæring er det tilbod om drama og visuell kunst.
Dagleg leiar er rektor på kulturskulen.

Helse og omsorg
Eininga omfattar sjukeheim, heimebasert omsorg, helsetenesta med legekontor, helsestasjon, fysioterapi og psykisk helse, samt bufellesskapet Vik. 
Dagleg leiar er helse- og omsorgsleiar.

Teknisk, næring og kultur: Held til på kommunehuset. Teknisk forvaltning, bygg og areal, landbruk, kultur og NAV høyrer til eininga. Dagleg leiar er teknisk sjef.

Kontakt

Tenestetorget
Telefon: 53 66 95 00