Varsel om oppstart av reguleringsplan

lausanakken planområde.png - Klikk for stort bilete

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar Multiconsult Norge AS på vegne av Bremnes Seashore AS om oppstart av detaljregulering i sjø, Lausanakken i Jondal kommune, planID: 12272018002.  

Forslagstillar er Bremnes Seashore AS. Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Detaljreguleringa sitt hovudføremål å leggje til rette for akvakultur i sjø ved Lausanakken. Forslagsstillar driv i dag oppdrett ved Saltkjelen II, kor dei har løyve etter akvakulturlova. Ein vil flytte lokaliteten ved Saltkjelen II til Lausanakken.

Formålet er ikkje i samsvar med gjeldande arealdel til kommuneplan (2012), men området ligg som framtidig område for akvakultur i forslaget til regional kystsoneplan. Når reguleringsplanen er godkjent vil forslagsstillar søke om å flytte lokalitet frå Saltkjelen II til Lausanakken.

Varslingsområdet utgjer til saman omlag 3578 dekar. Planområdet omfattar sjøareala mellom Byrkjebein og Solesnes i Jondal kommune.

Planen sine tiltak utløyser krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslova § 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiingar § 10. Det er ikkje krav om planprogram.

Varselet er kunngjort i Hordaland Folkeblad og Hardanger Folkeblad fredag 15.02.2019.
Varseldokumenta kan lesast på Multiconsult si nettside www.multiconsult.no/aktuelt/kunngjoringer  og på Jondal kommune si nettside.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Kommentarar og merknadar til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult Norge AS v/Vigdis Berge, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller e-post: vigdis.berge@multiconsult.no innan 15. mars 2019.

Kunngjeringannonse (PDF, 250 kB)

Varslingsbrev (PDF, 2 MB)

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 15.02.2019