Varsel om oppstart av mindre reguleringsendring

(Klikk for større bilete) - Klikk for stort bilete(Klikk for større bilete)

 Del av gnr. 36, bnr. 30, 90 og 12 m.fl, Lunderdalshaugane, Torsnes, Jondal kommune.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det kunngjort mindre reguleringsendring for næringseigedom på gnr. 36, bnr. 30, 90 og 12 Lunderdalshaugane, Torsnes, Jondal kommune. PlanID 12272013006.

Området er på ca. 67 daa. Geoplan AS skal på vegne av Torsnes Næringseigedom AS utarbeide eit framlegg til reguleringsendring for området. Føremålet med endringa er å regulere område for kombinert for fritids- og turistformål/ anna næring. Planen opnar for bubilparkering serviceanlegg og næringsbygg, jf. kommuneplan for Jondal. Endring av detaljplanen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing. Endra plankart og føresegner er å finna på www.geoplan.no.

 

Naboar og grunneigarar vert varsla pr. brev. Innspel til planarbeidet kan sendast til Geoplan AS, Pb 95, 5601 Norheimsund, eller til post@geoplan.no innan 05.12.2018. Mottekne innspel og dokument vil verta vurdert og lagt ved planframlegget. Spørsmål rettast til Geoplan AS, tlf. 56 55 62 33

Publisert av Gro Heidi Åsen. Sist endra 02.11.2018