Temasamling: Gode opplevingar i dag er gode minne i morgon!

Eksempel 3 - Klikk for stort bilete I regi av "Jondal 2030" inviterer vi til temasamling i gymsalen på Jondal skule 4. februar kl. 18.00! Denne gongen er tema skule og oppvekst, som er eit av suksesskriteria for å lukkast som ein attraktiv bu-kommune!

Bu-attraktivitet handlar om å velja å bu ein stad fordi det er godt å leva og bu der! Det kan vera dagen i dag som avgjer om barn og ungdom vel å flytta heim om 20 år. Vi oppmodar særskilt foreldre/føresette til barn og ungdom om å komma, men andre er og hjarteleg velkomne!

Samlinga vert prosessorientert  og er foreldre sitt høve til å påvirka kva prioriteringar som er viktige i høve til eit godt skule- og oppvekstmiljø. Det handlar om korleis alle kan bidra, fordi "Kommunen - det er oss!" 

Temasamlinga er i samarbeid med FAU som er ein av innleiarane på samlinga. I tillegg vil rektor og landsbylosen vera innleiarar.

Publisert av Ann-Kristin Eide. Sist endra 17.03.2016