Årets Eldsjel?

eldsjelprisill.jpg - Klikk for stort bilete Du kan no føreslå kandidatar til kommunen sin eldsjelpris 2018. 

Frivillig arbeid er avgjerande for at Jondal kommune skal vera ein god kommune å bu i og komma til. Kommunen ynskjer å framsnakka eldsjelene gjennom bl.a. tildeling av ein eldsjelpris. I målsetjinga for prisen står det:

«Jondal kommune sin eldsjelpris skal delast ut til ein initiativrik person eller gruppe som gjennom sitt virke har betra trivsel og livskvalitet for andre. Prisen er retta mot all frivillig verksemd; både privatpersonar og lag og organisasjonar.
Alle innbyggjarane i Jondal kan føreslå kandidatar til prisen. Forslaga må vera skriftlege. Med kvart forslag skal det følgja ei kort grunngjeving for kandidaturet


Forslag til kandidat sendast til post@jondal.kommune.no eller Jondal kommune, Folgefonnvegen 2, 5627 Jondal innan 05.04 2018.

Prisen vil bli delt ut på landsbydagen pinseaftan 19.mai 2018. 

Publisert av Gro Heidi Åsen. Ansvarleg Olaug Værland. Sist endra 10.04.2018