Torsnes


Det gamle herresetet Torsnes der Galtungætta hadde sitt tilhald ligg omlag 5 km sørvest for ferjestaden Jondal. Her bur det i dag omlag 120 menneske.


Til Torsnes reknar ein området frå Belsnes til og med Myren. Her er framleis nokre gardsbruk i drift og ei viktig næring er fiskeoppdrett. Det ligg 4 anlegg på strekninga frå Saltkjelen til Myren.


På Torsnes ligg eit større hyttefelt i Skipparvik.
Belsnes ligg ein kilometer nærare Jondal. Her er det byggevareforretning og eit større hyttefelt.


Jondalstunellen, som vart opna 7. september 2012, kjem ut ved Libru ovanfor Torsnes.

Området kring dampskipskaien på Torsnes sett frå sjøen. | Fotograf: anders ellingsen
Området ved den gamle dampskipskaien på Torsnes. fotograf anders ellingsen