Solesnes - Svåsand

Svåsand med naustrekkja, sett frå Svåsandsneset. - Klikk for stort bileteSvåsand med naustrekkja, sett frå Svåsandsneset. anders ellingsen  

På vegen frå Herand til Jondal kjem ein først til Svåsand, så til Selsvik og Solesnes. Busetnaden er her stort sett spreidd langs kystlinja. Spor etter den gamle båtbyggjartradisjonen finn me i den gamle naustrekkja på Svåsand. Svåsand har store og verdfulle skogseigedomar. I Jeskadalen ligg skytebanen til Jondal skyttarlag. Her er nytt skyttarhus.

Solesnes ein austavindsdag. - Klikk for stort bileteSolesnes ein austavindsdag. anders ellingsen

Det er næringsverksemd knytt til stein på Sollesnes. Me finn her store førekomstar av glimmerskifer, og frå gamalt av har det her vore teke ut heller både til tak og veidekke. Denne ressursen gjev i dag grobotn for tre firma som tek ut stein. I dag er det helst murstein som vert teke ut, det er vanskeleg å finna den rette steinkvaliteten til kvalitetsheller.

 

Frå gamalt har det og vore båtbygging her. Det gamle tunet på Solesnes er særmerkt, med den hellelagte gangen fram til den gamle dampskipskaien.