Øvre Krossdalen

Øvre Krossdalen er største jordbruksbygda i kommunen. - Klikk for stort bileteØvre Krossdalen er største jordbruksbygda i kommunen. anders ellingsen

Jordbruk er viktigste næringsveg med husdyrdrift med storfe, men og sau. Talet på heiltidsbønder går likevel ned.

På slutten av 1960-åra vart Maurangeranlegga bygd ut, og Dravladalsvatnet oppdemt. Då vart det bygd veg innover i fjellet, som seinare vart ført heilt opp til Folgefonna.

Folgefonn Sommarskisenter ligg heilt i kanten av Folgefonna Nasjonalpark. Folgefonna er den største attraksjonen i kommunen med aktivitetstilbod som alpint, snowboard, brevandring, klatring, turar, langrenn. Vegen frå Jondal senjtrum og fjorden opp til brekanten av Folgefonna er asfaltert og gjev oss ein unik tilkomst til ein isbre. 

Brefall Juklavatn.  - Klikk for stort bileteBrefall Juklavatn. Åsmund Bakke

Det er elles mange flotte turområde i fjella her, og det ligg og til rette for både jakt og fiske. Flatabø grunneigarlag sel jakt og fiskekort. Fleire har satsa på turisme og overnattingsstader dei siste åra.