Nedre Krossdalen


Til nedre Krossdalen reknar ein grendene Byrkjeland, Eide, Espeland, Handegard og Molve.


Dette er eit gamalt jordbrukssamfunn, der husdyrdrift har vore grunnlaget. I samband med sommarskisenteret på Folgefonna har det her kome mange overnattingsplassar. Gardsturisme har blitt ei viktig attåtnæring. Særleg dei årlege sommarleirane for snøbrettkøyrarar er populære.


Espelandsvatnet har regulert vannstand, og leverar vatn til Eidesfossen kraftverk som ligg ved Byrkjelandsvatnet. Det er vasskihopp ved Byrkjelandsvatnet.


Frå Espeland er det 3 km på skogsveg til den vakre stølen Vassenden.

Frå opninga av vasskihoppet på Byrkjeland | Fotograf: Lars Olav Borgen
Vasskihopp2 fotograf Lars Olav Borgen