Kysnes


Kysnes strekkjer seg frå Grotnes til Hammaren, der kommunegrensa mot Kvinnherad gjekk fram til 1. januar 2013.


Fram til 1964 høyrde Kysnes til Strandebarm komune. Bygda har ein del landbruk, men mange har arbeidsplassen sin i Jondal. Havbruk – både fiskeoppdrett og skjelldyrking – sysselset ein del. Myren som frå gamalt har høyrt til Torsnes er med i Kysnes krins. På Kysnes ligg og Kysnes Næringspark som eit arbeidsfellesskap for fleire bedrifter og entreprenørar.


På Kysnes finn ein mykje furuskog, som no nermar seg å verta hogstmoden etter at den sist vart hogd ut kring 1900.


Kysnes var ein gard til den vart oppdelt ikring førre århundreskiftet.

Området kring butikken på kysnes. Sett frå fjellet. | Fotograf: anders ellingsen
Kysnes fotograf anders ellingsen