Kommunesenteret Jondal

Jondal sentrum. - Klikk for stort bileteJondal sentrum.

Jondal sentrum er kommunesenter med om lag 450 innbyggjarar.

Kommunesenteret er lokalisert geografisk om lag midt i kommunen, og har infrastruktur som ein liten tettstad med to daglegvarebutikkar med post i butikk, medisinutsal, diesel/bensin, hotell og gjestgjevarstad, gjestetun, kommunehus, blome- og interiørbutikk, frisør, bilverkstad, turistkontor og kafê (sesong), kyrkje og kyrkjelydskontor, ungdomshus, bedehus, skule, barnehage, kulturskule og sjukeheim med helsesenter.

Kommunesenteret har ferjekai med avgangar til Tørvikbygd i Kvam herad i retning Bergen om lag kvar time. Haukeliekspressen har stopp i sentrum og det er bussruter mot Odda og Kvam, samt bussruter i kommunen.

Ved Jondal skule er det kunstgrasbane, ballbinge og friluftsområde med tilrettelagt tursti langs elva. Skulen har symjehall, gymastikksal og bibliotek. Viketunet, eit gamalt bygdetun, ligg og i nærleiken. I nærleiken ligg og ny og stor barnehage, og kulturskule med allsidig tilbod.

Det er og nokre industribedrifter knytt til sentrum:
Jondal Stål er ei moderne verksemd som arbeidar i stål og aluminium. Dei driv mykje delproduksjon til verfts- og mekanisk industri kring i distriktet. Hardanger Skifer og Sollesnes Stein held til ti minutt frå sentrum mot Utne.

Frå sentrum er det om lag 20 km (og 1200 høgdemeter) til Folgefonn Sommarskisenter i retning Krossdalen. Utover fjorden kjem ein til bygda Kysnes og vidare til Årsand. På Torsnes ligg Jondalstunellen som saman med Folgefonntunellen sikrar vegsamband til Odda på 30 minutter. Innover fjorden passerer ein Solesnes, Svåsand og kjem til Herand. Ved Herand, på Åsleite, går kommunegrensa mot Ullensvang herad.

Kveldssol over Jondal ein haustdag. Sett frå ferja. - Klikk for stort bilete