Informasjon
Informasjon

Hesvik


Publisert av Gro Heidi Molland. Sist endra 10.01.2013

Mellom Hammaren og Maurangsnes ligg gardane i vik etter vik. Etter grensejusteringa som vart gjeldande frå 1. januar 2013 er det no Hesvik som ligg heilt ytst i Jondal kommune, like over 26 kilometer frå Jondal sentrum.


Smågrendene Hesvik og Årsand ligg med ryggen mot fjellet, og har bøar som strekkjer seg ned mot fjorden. Berggrunnen er glimmerskifer, og ligg i eit smalt belte langs bekken frå Hesvika og opp mot Hesviksetra.


I motsetnad til i bygdene Gausvik og Årvik, kor gardane var i bondeeige, var dei fleste bruka i Hesvik preste- og kyrkjegods, og kom på 1600-talet under baroniet i Rosendal. Ein nytta og den vassdrivne vadmålsstampa som attåtnæring, og folk kom langvegsfrå med vadmål.


Folketeljingar mot slutten av 1800-talet viser at det på den tida budde nærare hundre menneske på gardane på Årvikstranda. I dag tel vi rundt 40 innbyggjarar frå Gausvik til Hesvik. At det ikkje kom veg til desse bygdene før 1980 sette truleg folketalet tilbake. I dag er landskapet prega av veldrivne gardar og velstelte bøar. Gardsturisme og fiskeoppdrett har skapt nye arbeidsplassar, og styrkjer busetnaden.


Kjelde: Folgefonna og fjordbygdene