Herand

Herand er nordlegaste bygda i kommunen. Her bur det omlag 300 menneske. Viktige tradisjonelle næringsvegar er jordbruk, særleg husdyrhald, men og fruktdyrking. Skogen har og betydning i Herand. Det er bygd mange skogsvegar, og det er dei siste 40 åra planta mykje gran som vil verta hogstmoden dei neste 30 åra.

Ein ny, men både stor og viktig næringsveg er havbruk. Marine Harvest i Herand har eit smoltanlegg og to oppdrettsanlegg. Det er største verksemda i bygda. Fonn Software er eit firma som utviklar programvare for dataindustrien.

Det er og nokre turistverksemder i bygda. I Herand har me ein fin rasteplass både for sjø- og vegfarande i båthamna. Her er open kiosk om sommaren. Mest kjend er kanskje den gamle handelsstaden Herandsholmen og hellerissingsfeltet på Bakke.

Ein har sett i stand eit gamalt elvemiljø ved brua, med både kvernhus og oppgangssag. Her er startpunktet for turløypa som går langs dei store hellarane på nordsida av Herandselva. Den går gjennom gamalt kulturlandskap, og arkeologiske utgravingar sommaren 2005 viser at her har folk hatt tilhald så tidleg som 7000 f. kr.

Elles har Herand eit båtbyggjarmuseum, Herand Landskapspark og Herand Kulturhistoriske Senter.

 

Frå Herand går rv 550 til Utne og vidare til Odda.

Herand sett frå sør, frå Haugsvarden. - Klikk for stort bilete