Informasjon
Informasjon

Gausvik - Årvik


Publisert av Gro Heidi Molland. Sist endra 10.01.2013

Gausvik bygda som har ligge nærast Jondal på Kvinnherad-sida av grensa, like utanfor Hammaren. Ovanfor Gausvik ligg eit fjellområde som er synleg frå lang avstand – Dumben. Fjellveggen i massiv granitt har ein rettskoren vegg med markante furer mot sør, medan berget mot nord har blankskurte, rolege flater. Dette kjem av at breen har skrapa på nordsida, medan det på sørsida har rasa ut blokker som følgje av istrykket.

Rundt 20 km frå Jondal sentrum, ligg Årvik. Kring midten av 1800-talet hadde Gausvik ein husmannsplass, Årvik hadde fire.
Den første registrerte busetnaden i Årvik stammar frå rundt 1450. Allereie rundt 1500 var det gjeve løyve til å setja i drift ei oppgangssag i elva. Oppgangssaga revolusjonerte trelasthandelen, og førte til nye moglegheiter for næring i Årvik. Elva har opp igjennom tidene også hatt tre kvernhus i drift, og på slutten av 1800-talet stod det framleis to att. Då kom folk frå dei andre gardane i området for å mala kornet sitt.

Den første elektriske krafta kom til Årvik i 1945, frå eit dieselaggregat.
I 1950 vart det sett i gong sanduttak i Årvik, og i tida 1950-1973 vart det teke ut 2,5 millionar hektoliter sand. Sanden vart henta med båt og frakta til mellom anna Odda. Sand frå Årvik var rekna for å vera ekstra god, fordi den blei transportert i vassrenner frå sandtaket og ned til sjøen. Vannet reinsa sanden for humus, og kvaliteten var dermed sikra.

Alt i 1949 tok grunneigarane initiativ til å utvikla sitt eige vasskraftverk, med røyrgate av trerøyr, sydd saman av ståltråd. Kraftverket gav 6 Kw, som var nok til gje lys på gardane i Årvik. Rundt 1950-talet tok dei kommunale kraftverka over. I 2003 tok grunneigarane Rolf Helge Aanderaa og Signe Kvellestad det første steget for å få bygt eit nytt vasskraftverk i Årvik, i samarbeid med Småkraft AS. Dette opna i november 2008, og produserer årleg ca 18 GWh, som tilsvarer straumforbruket til så mange som 900 husstandar.

Kjelder: Kulturhistorisk Vegbok og Folgefonna og fjordbygdene